Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vignetten – augedrops

Opninga til ein TV-serie, eit TV-program eller ein film kan vere som eit lite kunstverk i seg sjølv. Det skal dei òg vere – eit drops for auget, ein audiovisuell kickstartar. Vignetten set oss i stemning og fører oss inn i det som skal kome.

FooterHeaderIconFooter iconLK20

Ein vignett er nokre få sekund der vi blir tekne med i ei grafisk verd, eller ei verd av nærbilete. Det er typografi, animasjon, spesiell fargebruk eller særprega klipping. Vignetten står tydeleg ut frå den vanlege filminga.

Riktig og unik

Utforminga av vignetten må vere riktig i samanheng med tema og innhald. Vignetten skal òg gi ei riktig estetisk formidling av kva for sjanger hovudinnhaldet høyrer til. Ein vignett må samtidig vere unik for å skilje seg frå andre produksjonar.

Korleis lage noko unikt og samtidig riktig? Det blir ofte lagt ein god del ressursar ned i å produsere vignettar, og den kreative prosessen blir særleg lagt vekt på. Filmen, serien eller TV-programmet må få ein identitet som står tydeleg ut frå alle andre. Det er eit kvalitetsteikn for heile produksjonen at vignetten er god.

Verkemiddel

Verkemidla kan variere. Vi ser typografi, men får ikkje nødvendigvis med oss namna som står der. Tittelen har gjerne ei vanleg ordtyding. Men ordbiletet, utforminga, altså designen, gir oss meir.

Like viktig som typografi er lydsporet til ein vignett. Det kan variere frå ein kjend låt, spesialskrive musikk, effektlyd eller ei blanding av desse. Men same kriterium gjeld her, om at sjåaren må setjast i rett stemning.

Ein god grunnleggjande visuell ide må jobbast fram. Grafiske animasjonar, filming, klipping og fargebruk må planleggjast, produserast og veljast ut med omhug og setjast saman med typografi og lyd for å gi publikum ein god kickstartar.

Forteljing i vignetten

I vignetten til Mad Men fell ein silhuett mellom store skyskraparar. Han fell i roleg, sakte flyt. Han fell forbi reklameplakatar. Han fell heile tida inntil sluttbiletet, der han sit i ein sofa med ein drink. Han har altså ikkje blitt knust mot gata. Men det draumeaktige, evige fallet har vi med oss. Dette er eit godt bilete eller samandrag av innhaldet i serien. Alt går gale, men det ordnar seg, så vidt.

Vignetten kan vere ein subtil kortversjon av heile forteljinga.

Heilskapen i eit TV-program

I produksjonar av TV-nyheiter er det viktig at kanal-, nyheits- og sportsprofil står godt til kvarandre. NRK bruker mykje blåfarge og sirkel som grunnelement grafisk, både på hovudkanalen og nyheiter og sport. Vignetten til NRK-nyheitene ligg veldig nær kjernen og hovudprofilen til kanalen.

Gry Blekastad Almås og Jon Gelius i NRK sitt nyheitsstudio. Foto.

Vignetten til NRK-nyheitene må passe til innhaldet som blir formidla.

Estetikken og den grafiske utforminga til vignetten held dessutan fram vidare inn programmet. Studiodesign, nyheitsgrafikk og vignett er utforma som ein heilskap. Det skal ikkje vere nokon tvil for publikum kven det er som er formidlar.

Musikk i vignett

Musikken og lyden i vignetten til eit TV-program skal også gi identitet og eigenart. Lyden har ein hook, eller melodi. Når du høyrer lyden, skal du ikkje vere i tvil om kva for program som startar.

Sjå og lytt

Vignetten til NRK Dagsrevyen (tv.nrk.no) har eit karakteristisk lydspor.



Sist oppdatert 14.05.2019
Skrive av Atle Kold Hansen

Læringsressursar

Sanntidsproduksjon