Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Film: Fleirkameraproduksjon og direktestrøyming

Fotograf, biletmiks, regi og lyd er dei vanlegaste rollene som må betenast under ein fleirkameraproduksjon. Direktestraumen frå ein fleirkameraproduksjon blir send over nettet via ein encodar, og med ein berbar PC sjekkar du kvaliteten på bilete og lyd.

FooterHeaderIconFooter iconLK20

Åtte tips til gjennomføringa av ein fleirkameraproduksjon:

  • Sjekk lyd- og lysforholda. Har du nok lys, og korleis er akustikken?

  • Test internettilkoplinga viss du skal strøyme sendinga direkte.

  • Pass på kamerautsnitta, og sjekk at dei ikkje er for like. Til dømes kan du skyte nærbilete med eitt kamera og totalbilete med eit anna.

  • Sjekk at kameraa er sette opp med like innstillingar, til dømes når det gjeld videoformat.

  • Juster kvitbalansen og eksponeringa på kameraa.

  • Bruk tid på å justere slik at du får god lyd.

  • Sørg for at du har ein monitor, slik at du beheld oversikta.

  • Lag eit "ventebilete" som sjåaren kan titte på før sendinga startar.

Sist oppdatert 14.05.2019
Skrive av Albertine Aaberge og Maren Aftret-Sandal

Læringsressursar

Sanntidsproduksjon