Hopp til innhald
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Planlegg ein flerkameraproduksjon

Fleirkameraproduksjon i TV-studio krev planlegging, samspel og nøyaktigheit. Mange roller skal fyllast. For å få eit godt resultat er det avgjerande at produksjonsstaben samarbeider godt gjennom heile prosessen, frå idéutvikling til planlegging og gjennomføring av produksjonen.

FooterHeaderIconFooter iconLK20

Elevane ved Nordahl Grieg videregående skole i Bergen har utvikla program-konseptet NGTV, eit talkshow som tek pulsen på det som skjer i og rundt skulen. Elevane får trening i fleirkameraproduksjon i TV-studio.

Viss ein skal gjennomføre ein elevproduksjon i TV-studio, kan det vere praktisk å dele klassen inn i ulike grupper. Teknisk stab har ansvaret for den tekniske utforminga av sendinga. Gruppa kan bestå av produsent, biletmiksar, lydansvarleg, skript og kamerafotografar. Alle har ei viktig rolle som får innverknad på kvaliteten.

Samarbeid i ulike fasar

Ein produksjonsplan hjelper med å halde oversikt over dei ulike oppgåvene som skal gjennomførast. I førearbeidsfasen må teknisk utstyr som kamera og mikrofonar riggast opp og testast nøye før ein gjer opptak i studio. I opptaksfasen gir produsenten tydelege beskjedar til alle som er involverte i produksjonsprosessen.

Det er avgjerande at fotografane får klare instruksar, både når det gjeld eksponering, kamerarørsler og biletutsnitt. Biletmiksaren sit ofte ved sida av produsenten og får beskjed om kva kamera som skal på lufta, og om tempo og lengde på kvart klipp.

Teknisk og redaksjonelt samspel

Redaksjonsgruppa står for utvikling av manus og har ansvaret for innhaldsproduksjonen. Det er avgjerande at den tekniske staben og redaksjonen samarbeider godt. Redaksjonelt innhald får nemleg konsekvensar for den tekniske utforminga av sendinga.

Ein detaljert køyreplan gir oversikt over kva for innslag som skal vere med i sendinga, og korleis desse skal bindast saman av programleiar i studio.

Skripten har ansvar for køyreplanen, gir beskjed om kva som skal skje, og tel ned slik at alle har kontroll på tidene. Det er viktig at programleiar og gjester føler seg komfortable og får god informasjon.

Innspelingsleiar er bindeleddet mellom regi og studio og passar på at alt går etter planen i studio. Arbeidet går blant anna ut på å ta imot gjester som kjem til studio, og kommunisere med programleiaren under sendinga.

Visuelt uttrykk i TV-studio

Scenografi og lyssetjing er viktige element i ein studioproduksjon. Her kan ei gruppe elevar ha fokus på å utvikle det visuelle uttrykket i TV-studio. Bakgrunnskulissar og dekorasjonar i TV-studio bidreg til å skape eit bestemt uttrykk. Gjennom lyssetjinga kan ein framheve motiv. For å skape ei bestemt stemning i studio kan gruppa nytte seg av ulike fargefilter, lyskastarar og reflektorar.

Elevprodusert talkshow frå NGTV

Programleder Maren Opsahl blir sminka i TV-studio på Nordahl Grieg vgs. Foto.

NGTV-programleiar Maren Opsahl blir sminka og førebur seg til sending i TV-studioet på Nordahl Grieg videregående skole.

I NGTVs studio jobbar ein med 3-kameraproduksjon. Det er vanleg å ha eitt kamera som filmar totalbilete, dvs. bilete der heile studio blir vist, eitt kamera som filmar programleiar i 1-skott, og eitt kamera som har ansvaret for å filme gjester i 2- eller 3-skott.

Autocue i kameraspeil. Foto.

Ved hjelp av ein teleprompter, også kjend som autocue, kan programleiar sjå rett inn i kameraet mens ho les frå manus. Teksten kjem opp i ein slags spegel som er montert framfor kameralinsa.

Fagomgrep

  • Vignett: Opning av program – spelt inn på førehand.
  • Intro: Programleiar introduserer saker. Gjennom introen får sjåarane vite kva innslaget handlar om.
  • Utro: Programleiar har ein utroduksjon etter innslaget, han inneheld vanlegvis nokre tilleggsopplysningar som ikkje vart nemnde i saka.
  • Super: Grafisk vising av namnet til personen i biletet.
  • VB: Forkorting for videoband, men siktar i dag til avspeling av førehandsprodusert videofil frå disk.
  • 1-skott: Bilete med éin person.
  • 2-skott: Bilete med to personar.
  • 3-skott: Bilete med tre personar.
  • Teleprompter eller autocue: Teknologi som gjer det mogleg å lese opp tekst og sjå inn i videokamera på same tid.
  • Biletmiks: Arbeidet med å klippe saman biletstraumen som kjem frå dei ulike TV-kameraa.
Sist oppdatert 09.05.2018
Skrive av Eva Sophie Wolff-Hansen

Læringsressursar

Sanntidsproduksjon