Vekselstraum
Elektrisk straum er elektron i rørsle. Dersom elektrona går i éi retning, kallast det likestraum.
I vekselstraum blir rørsleretninga til elektrona endra med ein bestemd frekvens. Batteri og solcellepanel leverer likestraum, medan vind- og vasskraftverk leverer vekselstraum.
Vekselstraum – magnet og spole
I 1831 laga Michael Faraday den første generatoren. Han viste at ein kan produsere elektrisk straum ved å bevege ein magnet rundt ein spole.
Generatoren
Har du ein kopartråd og ein magnet, kan du lage din eigen generator. For å få elektrona til å røre seg, altså lage straum, må du røre magneten og koparspolen rundt kvarandre. Generatorar som blir brukte i kraftverk, produserer vekselstraum.
Oppdaginga til Faraday skulle bli særs viktig for Noreg, økonomien vår og velferda vår. Utbygginga av statseigde vasskraftverk sikra billeg elektrisk straum. Inntektene frå kraftverka gjorde det mogleg for staten å tilby fleire og betre velferdstenester til befolkninga.
Vekselstraum – mindre energitap under transport
Den elektriske energien må transporterast frå kraftverket og til forbrukarane. For å minimere energitapet under transport blir spenninga transformert opp ved kraftverket. Deretter blir energien send ut i høgspenningsnettet, for så å bli transformert ned i transformatorstasjonen nær forbrukaren.
Straumen vi bruker i Noreg, kjem i hovudsak frå vasskraftverk. Energien frå vassmassane som strøymer ned i turbinane, set generatoren i sving, magnetane og spolane går i forhold til kvarandre, og vi får vekselstraum.
Vi bruker altså energien i vatnet til å halde i gang ei rørsle. Energien som sørgjer for denne rørsla, kan òg kome frå andre kjelder som til dømes:
- vind
- bølgjer
- havstraumar
- trykkluft