Forsøk
Forsøk: Galvaniske element
Du skal sette saman og måle spenninga på nokre galvaniske element.
Versjon 1
Vi kan lage eit galvanisk element av ein koparelektrode og eit ca. 10 cm langt magnesiumband, med koparsulfat som elektrolytt.
Det kan lønne seg å pusse begge elektrodane med sandpapir før bruk.
Brett magnesiumbandet til ein flat bunt og kopl det til ein leidning med ei krokodilleklemme.Kopl eit voltmeter til elektrodane og les av spenninga.
- Kor høg er spenninga?
- Kva for ein elektrode er positiv, og kva for ein er negativ?
- Prøv om det galvaniske elementet kan få ei lyspære (som dreg lite straum) til å lyse.
Versjon 2
Lag eit galvanisk element med ein kopar- og ein sinkelektrode som du stikk inn i ein sitron (eller tilsvarande).
- Kva blir spenninga?
Versjon 3
Lag til sist eit galvanisk element med ein karbon- og ein sinkelektrode i ein løysning av ammoniumklorid.
- Kva blir spenninga?
- Kva for ein elektrode er positiv, og kva for ein er negativ?
- Kva slags type batteri er dette eit eksempel på?