Hopp til innhald
Oppgåve

Energiformer og overgangar

Undersøk korleis ulike typar energi går frå ei form til ei anna. Dette undersøker du ved å bygge ulike energikjeder i ei simulering eller fysisk i klasserommet.

Energiformer og overgangar

Simulering

Denne simuleringa viser korleis energi kan overførast frå ei form til ei anna, og korleis slike energiovergangar kan danne ei samanhengande energikjede. Start med å lese oppgåvene, og bruk simuleringa for å løyse dei.

I klasserommet

I staden for (eller i tillegg til) å bruke simuleringa, kan de lage energikjeder i klasserommet.

Viktige omgrep
  • energi

  • energikjelde

  • energiovergang

  • energibevaring

  • verknadsgrad

  • overføring av energi

  • lagring av energi

Energikjede med vatn, generator og lys

Lag ei energikjede som består av ei vasskran, eit møllehjul med generator og ei lyspære.

Simulering

I simuleringa kan du velje mellom "Introduksjon" og "Systemer". Vel "Systemer".

I klasserommet

Finn fram det utstyret du treng, og kople det saman slik at du får ei fungerande energikjede som overfører energi frå vatnet i krana til lyspæra.

Oppgåver

  1. Kva er det som får noko til å skje i denne situasjonen?

  2. Ein energiovergang er når energi går frå ei form til ei anna. Kva energiovergangar finn du i denne situasjonen?

  3. I simuleringa: Hak av for "Energiformer", og samanlikn det du observerer, med det du svarte over. Kommenter.

  4. Kva ulike typar energi er det i denne energikjeda? Forklar kva kvar av typane inneber.

  5. Finn døme på andre situasjonar på kvar vi kan finne desse ulike energitypane. Lag ei oversikt.

  6. Er det nokre typar energi som passar i fleire kategoriar?

  7. Dra orda til rett plass i teksten under.

Energikjede med lys, solcellepanel og vifte

  1. Bygg opp ei energikjede med lys, solcellepanel og vifte.

  2. Studer kva som skjer, og dra orda til rett plass i teksten under.

  1. Kvar kjem energien i sola frå?

  2. Foreslå fleire trinn i denne energikjeda.

Lag di eiga energikjede

  1. Bruk det som finst i simuleringa eller det du har tilgang til i klasserom eller verkstad, til å bygge di eiga energikjede.

  2. Ta eit bilete av energikjeda du lagar.

  3. Er det mogleg å lage energikjeder som held fram etter det siste leddet i energikjeda du har laga?

  4. Lag ei energikjede med så mange ulike typar energi som mogleg. Skriv opp energikjeda og kva energiformer som er involverte dei ulike stadene.

  5. Finn ut kva som blir meint med energikvalitet. Kva har energikvalitet med talet på trinn i ei energikjede å gjere?

  6. Ein definisjon av energi er at energi er evna til å utføre mekaniske arbeid eller til å gi frå seg varme. Finn døme i energikjedene du har laga, som passar til denne definisjonen.

Kjelder

Bøe, M. V. (2022, 16. desember). Energi. I Store norske leksikon. https://snl.no/energi

Ressler, L. (2019, 19. november). PHET energy anda til form changes simulation worksheet to accompany simulation. https:/phet../ein/contributions/view/5336https:/phet../ein/contributions/view/5336https:/phet../ein/contributions/view/5336https:/phet../ein/contributions/view/5336