Elektrisk energi og effekt
Elektrisk straum er elektron i rørsle. Når batteriet på mobiltelefonen held på å bli tomt, koplar du han til ein stikkontakt, og nye elektron blir leverte frå straumnettet.
Du kan halde fram med å bruke telefonen mens batteriet blir ladd. Kor raskt batteriet kan ladast opp og ladast ut, er avhengig av kor mykje energi telefonen bruker, og kor høg spenning batteriet toler under opplading.
- Elektrisk straum er elektron i rørsle.
- Spenning er det som driv elektrona gjennom leiaren.
- Effekt er motteken eller avgitt elektrisk energi i løpet av ei gitt tid.
Motstand gjer at elektrona mister energi
Når elektrona går gjennom ein elektrisk krins, vil dei møte motstand (resistans), som hindrar rørsla. Det gjer at elektrona mister energi. Denne energien kan bli brukt til lys på skjermen, lyd og varme. Den elektriske energien har evna til å utføre eit arbeid, altså å få telefonen til å fungere.
Spenningsskilnad
Spenningsskilnaden mellom positiv og negativ pol på batteriet i mobiltelefonen gjer at elektrona vandrar i krinsen og kan utføre arbeid. Etter kvart vil batteriet bli tømt. Det betyr at den negative polen i batteriet ikkje kan levere fleire elektron, og batteriet må ladast opp på nytt.
I denne filmen får du forklart korleis eit batteri fungerer.
Hurtigladar – fleire elektron per minutt
Dersom du har ein hurtigladar til mobiltelefonen din, vil du oppleve at ei opplading går mykje raskare enn det som var mogleg for nokre år sidan. Ein hurtigladar leverer fleire elektron per minutt, effekten blir større, og batteriet blir ladd raskare.
Samtaleoppgåve
- Jobb saman i grupper. Skriv ned ei forklaring på omgrepa elektrisk straum, effekt og energi.
- Elbilar blir drivne fram av batteri. Bruk orda straum, effekt, resistans og energi til å gi ei enkel forklaring på korleis ein elbil blir ladd og utladd.
- Prøv å bruke dei same orda til å forklare kvifor det går raskare å lade bilen med ein hurtigladar enn frå ein vanleg stikkontakt.