Forsøk
Forsøk: Lag ein generator
Ein generator bruker rørsleenergi til å generere straum. I dette forsøket skal du lage din eigen generator.
Du skal byggje din eigen generator av enkle materiale som du kan få tak i på skulen eller heime. Kor mykje straum klarer du å generere?
Følg instruksjonane som blir gitte i videoen under, og bygg din eigen generator.
Bruk voltmeteret til å måle spenninga du klarer å generere.
Når generatoren er ferdig, kan du vurdere kva tilpassingar som krevst for å bruke vatn, vind eller andre energiformer til å drive rørsla i spolen.