Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sal av alkohol i butikk

Sal av alkohol er regulert i alkohollova. Det er reglar for kven vi kan selje til, og når på døgnet vi kan selje alkohol.
Plakat med bilete av tre ungdommar og overskrifta «Kven av desse er over 18 år?». Under biletet står det: 
«Det er ikkje så lett å gjette. Sjekk alle du trur er under 25 år! Du som sit i kassa, har ansvaret for at personar under 18 ikkje får kjøpt øl. Gjer du ikkje jobben din, kan du risikere å miste han. Butikken kan òg miste løyvet til å selje alkohol. Spør heller om legitimasjon éin gong for mykje enn éin gong for lite.». Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tilsett i ein matvarebutikk

Du kan kanskje svaret på mange av oppgåvene nedanfor allereie. Men oppgåvene er òg ei øving i å finne fram i lovteksten. I oppgåvene skal du vise til kva som står i lovteksten, og i kva paragraf det står. I alle oppgåvene skal du sjå for deg at du er tilsett i ein matvarebutikk.

Oppgåver

  1. Kva slags alkohol har butikken lov til å selje?
  2. Butikken må ha løyve for å selje alkohol. Kva vil det seie?
  3. Kven har du lov til å selje alkohol til?
  4. Når har butikken lov til å selje alkohol?
  5. Kor lenge har de lov til å selje alkohol 16. mai?
  6. Kan butikken reklamere for at juleølet har kome inn i butikken?
  7. Kva kan skje dersom butikken bryt reglane for sal av alkohol?
  8. Kva rutinar har butikken for å sørgje for at regelverket blir følgt? Svaret på dette finn du ikkje i lovteksten, men spør gjerne nokon som jobbar i ein matvarebutikk.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2020

Læringsressursar

Regelverk for butikkar og serveringstader