Hopp til innhald

Fagstoff

Røykelova

Røyking er ikkje tillate på serveringstader, det vil seie i lokale der det blir servert mat og drikke. Det er heller ikkje lov å røykje i transportmiddel – buss, tog, fly og så vidare.
Forbodskilt mot røyking. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Formålet med denne lova er å avgrense dei helseskadane som bruk av tobakksvarer medfører gjennom å redusere forbruket og på sikt bidra til å oppnå eit tobakksfritt samfunn. Vidare regulerer lova tiltak for å førebyggje at barn og unge begynner å bruke tobakksvarer, fremje at dei som allereie bruker tobakksvarer, sluttar og verne befolkninga mot eksponering for tobakksrøyk.

Her finn du røykelova.

Du kan lese om røykeforbod i lokale og transportmiddel i § 12 i røykelova.

Det skal vere merkt tydeleg at det er røykeforbod, til dømes ved inngangen til ein serveringstad. Verksemda skal ha eit system for internkontroll og skal kunne dokumentere overfor tilsynsstyresmaktene at forbodet mot røyking blir overhalde.

Viss nokon likevel røykjer, kan dei bortvisast frå transportmiddelet eller serveringstaden.

CC BY-SASkrive av NKI Forlaget og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 10.03.2020

Læringsressursar

Regelverk for butikkar og serveringstader