Hopp til innhald

Fagstoff

Rekneskapslova

Rekneskapslova beskriv grunnleggjande rekneskapsprinsipp og god rekneskapsskikk. I lova kan vi lese om reglar for utarbeiding av årsrekneskap, og om korleis resultatrekneskapen og balansen skal setjast opp.
Abakus, eller kuleramme. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lova seier innleiingsvis kva selskap som har plikt til å føre rekneskap. Alle aksjeselskap er rekneskapspliktige. Har du eit enkeltpersonføretak, har du først rekneskapsplikt dersom du har meir enn 20 millionar i eigedelar eller meir enn 20 tilsette. Du bør likevel føre rekneskap, men reglane i rekneskapslova gjeld ikkje for deg.

Årsrekneskap og årsmelding

Rekneskapspliktige bedrifter skal kvart år utarbeide årsrekneskap og årsmelding. Årsrekneskapen skal mellom anna innehalde resultatrekneskap og balanse. Årsmeldinga skal beskrive bedrifta, kva ho driv med, og kvar ho held til. Vidare skal meldinga gi opplysningar om arbeidsmiljøet. Ho skal òg omtale økonomien til bedrifta, slik denne kjem fram i årsrekneskapen.

Årsrekneskapen og årsmeldinga er offentlege. Det vil seie at alle kan få tilgang til å lese dokumenta.

Grunnleggjande rekneskapsprinsipp

  1. transaksjonsprinsippet
  2. oppteningsprinsippet
  3. samanstillingsprinsippet
  4. varsemdprinsippet
  5. sikringsprinsippet

1 Transaksjonsprinsippet

Med transaksjon meiner vi her ei økonomisk hending, til dømes eit kjøp eller sal av produkt. Transaksjonsprinsippet seier at ei økonomisk hending skal førast i rekneskapen til den verdien som gjaldt på tidspunktet då hendinga skjedde. I rekneskapen er det altså verdien eit produkt har idet det blir selt og overlevert, du skal nytte.

2 Oppteningsprinsippet

Inntekter skal førast i rekneskapen når bedrifta tener dei, det vil seie når produktet er levert til kunden. Oppteningsprinsippet set altså krav til når du skal føre inntektene i rekneskapen. Til dømes skal eit hotell først inntektsføre ei overnatting når gjesten overnattar på hotellet, ikkje når overnattinga blir kjøpt.

3 Samanstillingsprinsippet

Utgifter skal i utgangspunktet kostnadsførast i same periode som inntektene blir førte. Med det meiner vi at alle utgifter knytte til salet av eit produkt skal førast i same periode som salsinntektene for produktet.

La oss til dømes tenkje oss at du har kjøpt inn produkt for 20 000 kroner eit år. Når året er slutt, har du selt berre halvparten av produkta. Då skal du kostnadsføre 10 000 kroner, medan du fører dei resterande 10 000 kronene i balansen som varelager.

4 Varsemdprinsippet

Varsemdprinsippet seier at urealiserte tap skal førast i rekneskapen. Det vil seie at du ikkje skal vente til eit tap blir realisert, før du fører det i rekneskapen. Eit urealisert tap kan til dømes vere eit fall i verdien på aksjar, sjølv om du ikkje har selt aksjane.

5 Sikringsprinsippet

Sikringsprinsippet seier at gevinst og tap skal førast i same periode.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2020

Læringsressursar

Lover og regelverk innan kontor og administrasjon