Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Arkivet på skulen

Skulen er pålagd å ha eit arkiv. Det følgjer av arkivlova. I desse oppgåvene skal de finne ut korleis arkivet på skulen dykkar er administrert.
Arkivmapper. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Gå saman i grupper og diskuter desse spørsmåla:

  1. Kva er skulen pålagd å ha rutinar for, i samsvar med arkivlova?
  2. Kva rutinar trur de skulen har for å sikre at retningslinjene i arkivforskrifta blir følgde?
  3. Har skulen både eit elektronisk og eit fysisk arkiv?
  4. Kven har ansvaret for arkivering på skulen?
  5. Kva må lærarar arkivere? Kvifor må dei gjere det, og korleis gjer dei det?

Oppgåve 2

Gå saman heile klassa og spør den som er ansvarleg for arkivet på skulen, om han eller ho har høve til å vise og forklare dykk korleis arkiveringsrutinane på skulen fungerer. Har skulen både eit elektronisk og eit fysisk arkiv? Kva skal i så fall lagrast kvar, og kvifor skal det gjerast slik?

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Lover og regelverk innan kontor og administrasjon