Hopp til innhald

Fagstoff

Bokføringslova

Bokføringslova er ikkje særleg omfattande. Ho tek for seg grunnleggjande og praktiske reglar som er enkle å følgje for små verksemder. Reglane gjeld også for større føretak, men dei må i tillegg følgje meir omfattande lover og reglar.
Regnskap. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bokføringsplikt

Bokføringslova tok til å gjelde i 2005. Lova inneheld reglar for bokføring, spesifikasjon, dokumentasjon og oppbevaring av rekneskapsopplysningar.

Her bruker vi omgrepa bokføring og å vere bokføringspliktig. Det er ikkje det same som å ha rekneskapsplikt. Med rekneskapsplikt meiner vi plikt til å føre ein komplett rekneskap.

Dei minste enkeltpersonføretaka og dei minste ansvarlege selskapa er bokføringspliktige, men ikkje rekneskapspliktige. Dei kjem inn under bokføringsreglane og har ei viss rapporteringsplikt til offentlege styresmakter.

Selskap som berre har bokføringsplikt:

  • enkeltpersonføretak (eineeigarføretak) som ikkje har eigedelar over 20 mill. kroner og ikkje meir enn tjue tilsette
  • ansvarlege selskap som ikkje har meir enn fem tilsette og ei inntekt under 5 mill. kroner

Om lag 300 000 verksemder kjem inn under desse reglane.

Vi skal no sjå nærare på bokføringslova.

Regelen om ajourføring

Ein av dei mest sentrale reglane i bokføringslova er regelen om ajourføring (bokføringsfrekvens). Hovudregelen seier at ajourføring skal skje så ofte som arten og omfanget av føretaket og transaksjonen tilseier. Hovudregelen er å vere à jour minst kvar fjerde månad.

For dei aller minste enkeltpersonføretaka er det nok å vere à jour ein gong i året, og då i samband med sjølvmeldinga. Desse føretaka har mindre enn 300 vedlegg. Vi tek vare på alle vedlegga undervegs, men vi treng ikkje gruppere eller summere dei før vi utarbeider sjølvmeldinga.

Alle inntekter og kostnader skal først førast inn på eit skjema, den såkalla næringsoppgåva. Her får vi fram eit eventuelt overskot eller underskot for verksemda. Resultatet fører vi vidare til sjølvmeldinga.

Dersom verksemda er meirverdipliktig, må ho vere à jour annankvar månad, sidan oppgåva over meirverdiavgift skal rapporterast seks gonger i året.

Det same gjeld dersom enkeltpersonføretaket har tilsette. Pliktig rapportering av skattetrekk og arbeidsgivaravgift skjer òg annankvar månad.

Regelen om oppbevaring av vedlegg

Bokføringslova har reglar for kor lenge vedlegga skal oppbevarast etter at driftsåret er omme. Vi skil då mellom såkalla primærvedlegg og sekundærvedlegg.

Primærvedlegg
Desse vedlegga skal oppbevarast i ti år:

  • årsrekneskapar og rekneskapsrapportering
  • dokumentasjon av bokførte opplysningar

Sekundærvedlegg

Desse vedlegga skal oppbevarast i 3,5 år:

  • avtalar som gjeld verksemda (bortsett frå dei minst viktige)
  • korrespondanse som gir viktig tilleggsinformasjon i tilknyting til ei bokført opplysning
  • utgåande pakksetlar eller tilsvarande dokumentasjon som ligg føre på papir ved leveringstidspunktet
  • prisoversyn som må utarbeidast etter lov eller forskrift

Andre krav i bokføringslova

Den nye bokføringslova har strengare reglar på ein del område samanlikna med dei gamle reglane. Det gjeld
• utvida kassaplikt ved kontantsal
• strengare innhaldskrav til kassakvitteringar
• strengare innhaldskrav til utgåande fakturaer
• strengare krav til faktureringsfrekvens
• nye krav til dokumentasjon av kontantkjøp
• plikt til å dokumentere timebestillingar
• plikt til å dokumentere medgåtte arbeidstimar ved timelønn
• plikt til å registrere organisasjonsnummera til leverandørane

Nedanfor ser du eit oversyn over bokføringslova § 4 (dei grunnleggjande bokføringsprinsippa). Vi har teke for oss punkta 5 og 8.

  • Rekneskapssystem: Det heile skal vere ordentleg og oversiktleg
  • Heilskap: Alle transaksjonar (vedlegg) skal vere med
  • Realitet: Hendinga skal faktisk ha skjedd
  • Presisjonsnivå: Alt skal vere korrekt
  • Ajourføring: Vi må vere à jour så ofte det kjennest naturleg
  • Dokumentasjon: Vedlegget skal syne at det gjeld verksemda
  • Sporing: Føring og vedlegg må kunne finnast
  • Oppbevaring: Så lenge det er sakleg behov
  • Sikring: Skal sikrast mot endring, sletting og tap
  • God bokføringsskikk

Relatert innhald

Eit av dei ti grunnleggjande bokføringsprinsippa er god bokføringsskikk (GBS). Det er rekneskapsbransjen sjølv som definerer denne skikken.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 06.12.2017

Læringsressursar

Lover og regelverk innan kontor og administrasjon