Hopp til innhald

Fagstoff

Reglar for offentlege innkjøp

Dei fleste private bedrifter og organisasjonar står heilt fritt når dei skal velje IT-system, leverandørar og samarbeidspartnarar. I det offentlege er det derimot mange reglar som må følgjast.
Selger viser fram flattv til kunde. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Med det offentlege meiner vi alle etatar, organ, direktorat, kontor og føretak i stat, fylkeskommune og kommune.

Vi har reglar for offentlege innkjøp for at alle skal kunne ha tillit til at offentlege pengar blir brukte på ein samfunnstenleg måte. Reglane skal

  • sikre rettferdig konkurranse mellom leverandørar til det offentlege
  • syte for at staten får mest mogleg att for pengane sine
  • hindre at somme får fordelar på grunn av familieforhold, venskap eller liknande

Noreg er dessutan internasjonalt forplikta, gjennom EØS-avtalen og WTO-avtalen, til å følgje bestemte framgangsmåtar ved større offentlege innkjøp.

Det er lett å forstå at dette er viktig, når vi veit at det offentlege årleg bruker nesten 400 milliardar kroner på kjøp av varer og tenester, bygg og anlegg.

Fire hovudprinsipp

Reglane for offentlege innkjøp er baserte på fire hovudprinsipp. Innkjøpa skal

  • behandlast likt, som betyr at alle leverandørar skal få same vilkår, krav og moglegheiter
  • vere føreseielege, som betyr at alle delar av innkjøpsprosessen skal vere føreseielege for leverandørane, slik at det ikkje dukkar opp nokon overraskingar etterpå
  • vere gjennomsiktige, som skal sikre at det er mogleg å kontrollere at alle reglar blir følgde
  • vere konkurransar, som skal sikre at statens pengar og ressursar blir brukte mest mogleg effektivt

Reglane gjeld for alle typer innkjøp av varer og tenester, uavhengig av verdi. Når du arbeider som fagarbeidar i det offentlege, kan du altså ikkje berre bestille det du treng av utstyr, programvare eller tenester utan vidare. Alle bestillinger må vanlegvis gå gjennom ein innkjøpsansvarleg som kjenner reglane for offentlege innkjøp.

Regelverk for offentleg anskaffing frå anskaffelser.no

Lov om offentleg ansaffing, lovdata.no

CC BY-SASkrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 15.11.2018

Læringsressursar

Lover og regelverk innan kontor og administrasjon