Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lov om offentlege anskaffingar

Gjer deg kjend med anskaffingslova og anskaffingsforskrifta. Ei anskaffing er det same som eit innkjøp. I denne oppgåva blir du kjend med kva reglar som gjeld ved innkjøp i det offentlege.
Lovdatalogo. Illustrasjon med tekst.

I denne oppgåva skal du nytte lov om offentlige anskaffelser (anskaffingslova) og forskrift om offentlige anskaffelser (anskaffingsforskrifta). Du skal vise til aktuelle paragrafar i lova og forskrifta i svara dine.

Oppgåve

  1. Kva er forskjellen på ei lov og ei forskrift?
  2. Kva er føremålet med anskaffingslova?
  3. Kva innkjøp fell inn under lova og forskrifta?
  4. Kva fire hovudprinsipp gjeld for innkjøp i det offentlege?
  5. I § 7-5 i anskaffingsforskrifta står det om habilitet. Kva tyder habilitet, og kvifor er det viktig ved innkjøp?
  6. I § 8-4 i anskaffingsforskrifta står det om konkurransegrunnlag. Forklar kva det er, og kva det skal innehalde.
  7. I § 8-5 i anskaffingsforskrifta står det om kravspesifikasjonar. Forklar kva det er.
  8. I § 8-9 i anskaffingsforskrifta står det om utveljing av leverandørar. Forklar korleis utveljinga skal gå føre seg.
  9. I § 11-1 i anskaffingsforskrifta står det om rammeavtalar. Forklar kva som er meint med ein rammeavtale.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Lover og regelverk innan kontor og administrasjon