Hopp til innhald

Fagstoff

Regelverk for import av varer

Skal bedrifta di importere varer frå utlandet, må du undersøkje om de må betale toll. Toll er ein skatt som blir lagd på varer som blir transporterte over landegrenser. Det er stort sett alltid toll på klede, matvarer og næringsmiddel. I tillegg kjem meirverdiavgift og eventuelle særavgifter.
Skilt med logoen til Tolletaten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innførselstoll

Skatt på importerte varer blir kalla for innførselstoll.

Tollsatsane varierer, men for dei fleste klede er tollsatsen 10,7 prosent (2020). Du finn oppdaterte tollsatsar på Toll.no.

Fortollingsgebyr

I tillegg til ein tollsats må vi betale eit fortollingsgebyr når vi importerer varer frå utlandet. Fraktselskapet utfører som regel fortollingsjobben, og tek seg betalt i form av eit fortollingsgebyr.

Meirverdiavgift

På varer som blir importerte til Noreg, må vi òg betale 25 prosent meirverdiavgift (15 prosent for næringsmiddel). Toll og eventuelle særavgifter skal òg vere med i grunnlaget for meirverdiavgift.

Særavgifter

På nokre varer må vi òg betale særavgifter ved import. Døme på varer som har særavgifter, er alkohol, sjokolade- og sukkervarer, sukker, tobakksvarer og køyretøy.

Varer med restriksjonar og forbod

For nokre varer gjeld spesielle importreglar. I tabellen nedanfor ser du kva varer dette gjeld, og kva etatar som forvaltar regelverket. Du kan lese meir om regelverket for dei ulike varegruppene på sidene som det er lenker til.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2020

Læringsressursar

Starte bedrift – regelverk