Hopp til innhald

Fagstoff

Typografi

Typografi er læra om utforming og behandling av bokstavar og ulike grafiske element.
Tatoverte fingrar med orda «Game over». Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gode kunnskapar om typografi er ein viktig del av grafisk kommunikasjon. Teksten må setjast opp på ein måte som gjer han behageleg å lese. Du bør derfor kunne litt om typografi.

Med Johann Gutenberg og boktrykkjarkunsten blei typografi eit eige fagområde. Utviklinga på området har vore enorm, og i dag kan alle som har tilgang til ei datamaskin, prøve seg innanfor fagfeltet. Dersom du nokon gong har lurt på kva farge du skal bruke på teksten din, eller kor stor overskrifta bør vere, har du jobba med typografiske problemstillingar.

Skrifttype/font

Dette er den fysiske utsjånaden til ein bokstav. Det finst ei rad ulike fontar, som grovt kan delast i to hovudgrupper:

  • Antikva (har seriffar).
  • Grotesk (har ikkje seriffar).

Eit medvite tilhøve til desse skrifttypane kan vere med på å påverke korleis teksten din blir oppfatta av mottakaren.

Seriffar er små tverrstrekar på grunnstrekane til fontane. Du finn dei på antikvafontane.

Erik Spiekerman har laga ein fin video som illustrerer korleis ulike fontar ("typefaces") passar til ulike bodskapar og situasjonar. Fontar er kleda til bokstavane, seier han.

CC BY-SASkrive av Anja Kristine Hansen.
Sist fagleg oppdatert 25.11.2018

Læringsressursar

Grafisk design