Hopp til innhald
Film og filmklipp

Samanheng mellom konsept og produksjon

Design og utvikling heng nøye saman med produksjonsprosessen. Bård Eker forklarer kvifor det er viktig å vere tett på, slik at du får "tight link" mellom konseptet ditt og produksjonen.
Video: Kolbjørn Hoseth Larssen / CC BY-SA 4.0

Konsept og produksjon

Eit konsept er ein plan for korleis du vil utvikle eit nytt produkt, ein idé eller ein modell. Når du skal utvikle eit produkt som skal masseproduserast, må du ha god kunnskap om produksjonsprosessen. Du bør vere tett på produksjonen for å ha kontroll og for å få den kunnskapen du treng.