Hopp til innhald
Fagartikkel

Former og luft

Eit design består av organiske eller geometriske former, og av tomrommet mellom dei. Eit enkeltelement har si tyding, men sett i ein større samanheng blir det eitt med ei anna form og kan få ei ny tyding. Tredimensjonale former krev eit design som fungerer uansett kva for side ein ser det frå.

I grafisk design har du lært at arbeidet dreier seg om å setje saman element etter komposisjonsprinsipp. Byggjeklossane dine er designelement med eigenskapar som for eksempel farge, struktur og storleik.

Når du skal planleggje og lage eit design, er form eit viktig designelement. Ei form blir definert som utsjånaden til og grensene for ein figur eller ein lekam. Du kan beskrive former som

  • opne eller lukka
  • mjuke eller harde
  • store eller små
  • organiske eller geometriske
  • opake (ugjennomskinelege) eller transparente (gjennomsynlege)
  • positive eller negative

Former kommuniserer ulikt avhengig av kva for kjenneteikn dei har. Ei form som blir sett saman og gruppert med andre former, kan kommunisere noko anna enn når ho står åleine.

Geometriske og organiske former

Video: Klipp og Lim AS / CC BY-SA 4.0

Det er to hovudgrupper av former – geometriske og organiske. Geometriske former er kanskje det første du kjem på når du høyrer ordet form? Sirklar, firkantar, trekantar og mangekantar er eksempel på dette. Geometriske former er lett attkjennelege og skaper gjerne orden og struktur.

Kvadrat og rektangel er dei vanlegaste geometriske formene i komposisjonar som består av tekst og bilete. Sidan sirklar er mindre vanlege i komposisjon, kan dei brukast til å tiltrekkje seg merksemd, framheve og skilje element frå kvarandre, eller til å få meir rørsle og liv i komposisjonen.

Organiske former er uregelmessige og asymmetriske og blir gjerne forbunde med former vi finn i naturen. Dei har ofte kurver og verkar meir tilfeldige enn dei geometriske. Det gjer dei meir interessante, men dei skaper også meir uorden.

Du kan organisere og gruppere, skape rørsle og retningar, framheve og skape fokuspunkt, underbyggje bodskapen og formidle stemningar ved å bruke former medvite.

Luft og negativt rom

Det tomme området mellom, rundt, over, under eller inni objekt kallar vi luft eller negativt rom. Nokre meiner at lufta rundt er like viktig som dei formene du faktisk set inn i ein komposisjon.

Former blir definerte både av rommet rundt og av rommet inni dei. Lufta rundt er viktig for at vi skal oppfatte og finne det vi leitar etter. Det gir mottakaren pusterom og tid til å oppfatte innhaldet.

Komposisjonar med mykje luft blir gjerne oppfatta som meir stilfulle enn der element står tett saman. Når du skal trykkje bøker og magasin, fører mykje luft til fleire sider og ein dyrare produksjon. Det gjer at design med mykje tomrom tradisjonelt har blitt sett på som meir eksklusive enn der ein har utnytta plassen godt for å spare pengar.

Ulike format og flater krev ulike omsyn

Når du jobbar med visuell kommunikasjon, er det som oftast todimensjonale flater du designar for. Skjermar, papir og skilt er eksempel på slike flater. Av og til kan du også få i oppdrag å designe for tredimensjonale produkt, som emballasje, klede, pennar, nøkkelringar og koppar. Då må du ta omsyn til at bodskapen må kunne oppfattast frå fleire sider.

Også webdesign i HTML og CSS krev spesielle omsyn. Websida kan ofte oppfattast som ein firkant med mange mindre firkantar inni. Då er det opp til deg som designar å gjere noko med desse firkantane for å få uttrykket meir variert.