Hopp til innhald
Fagartikkel

Subtraktiv fargeblanding - CMYK

Subtraktiv fargeblanding er blanding av pigment. Pigment er fargestoff som blir brukt i trykkfarge og måling. CMYK står for grunnfargane: Cyan -Magenta - Yellow - blacK. Saman kan desse fargane skape oppleving av ulike fargar, mjuke overgangar og mange nyansar.

Subtraktivt fargesystem

Subtrahere betyr å trekkje frå. Lysrefleksjonen blir mindre når fargepigment blir blanda. Vi fjernar altså lys når vi blandar trykkfargar eller måling. Blanding av alle grunnfargane gir svart.

CMYK

CMYK er eit fargesystem som blir brukt i firefargetrykk. Bokstavane CMY står for primær- eller grunnfargane cyan, magenta og yellow. Cyan er ein blåfarge, magenta ein raudfarge, og yellow er gul. Ved å bruke ulike mengder av fargane CMY kan ein stor del av fargespekteret gjevast att på trykk.

CMYK-verdiar

CMYK-verdiar blir oppgitte i %. Viss du legg inn 0 % for CMY (cyan, magenta og gul), får du kvit, og med 100 % fargeverdi får du svart. Denne svartfargen blir litt matt. Derfor har vi i tillegg svart som eigen farge i dette fargesystemet, og det er denne svartfargen bokstaven K står for. K betyr Key-tone. Svart blir bruk for å gi kontrast og djupne i bilete.

Rasterpunkt

Viss du ser på eit avis- eller vekebladbilete med forstørringsglas, vil du sjå grunnfargane som små punkt. Kvar av fargane cyan, magenta, yellow og key color (svart) blir trykt som rasterpunkt med forskjellig storleik. Desse blir plasserte inntil og over kvarandre på papiret. Når desse fargane blir blanda, kan dei vise ”alle” moglege fargar.

Få og små rasterpunkt slepp gjennom mykje kvit farge frå papiret og gir inntrykk av ein lys farge, mens tette og store punkt gir mørk farge. Slik skapar CMYK ei oppleving av riktige fargar, mjuke overgangar og mange nyansar til dømes i eit fargefotografi.