Finn hersketeknikkane!
Klarer du å kjenne igjen hersketeknikkar når du ser dei?
Oppgåve 1. Finn døme!
Sjå på ein TV-debatt og finn døme på tre ulike hersketeknikkar. Du kan sjå på denne partileiardebatten på NRK frå valet i 2019 eller finne ein nyare debatt.
Presenter døma for ein medelev eller for klassen og forklar kvifor dette er ein hersketeknikk.
Oppgåve 2. Diskuter!
Kva skal til for å "vinne" ein debatt, meiner de?
Korleis påverkar hersketeknikkar ein debatt?
Er det greitt å vinne debattar ved hjelp av hersketeknikkar?
Kvifor kan det vere lurt å vere klar over desse teknikkane når du skal sjå ein debatt og gjere deg opp ei meining om ei sak?
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021