Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Digital valkamp på sosiale medium

Sosiale medium speler ei sentral rolle i norsk valkamp. Liker-klikk, engasjement og delingar skal gjerast om til stemmer. Igjennom digital og målretta marknadsføring vil dei politiske partia påverke deg som førstegongsveljar.
Foto av tre ungdommar med mobiltelefonar i hendene.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innleiing

Hensikta med politisk reklame er å påverke haldningar til politiske spørsmål. Kommunikasjonsstrategiar i sosiale medium har vorte ein viktig del av den politiske valkampen i dag. Gjennom personretta og skreddarsydd politisk reklame på sosiale plattformer har politikarane ei unik mogelegheit til å påverke deg og andre førstegongsveljarar.

Arbeidsoppdrag: Utforsk korleis eit politisk parti driv valkamp i sosiale medium

Jobb i grupper og set dykk inn i eit tildelt eller eit sjølvvalt parti. Undersøk og diskuter følgande: Korleis fører partiet valkamp på sosiale medium?

1. Individuell førebuing til gruppearbeid

a) Set deg inn i kva partiet står for.

b) Noter svar på spørsmåla for kvart av døma du jobbar med:

  • I kva sosiale mediekanalar finn du den politiske reklamen?

  • Kva er bodskapen i den politiske reklamen?

  • Vurder korleis bodskapen heng saman med det partiet står for.

  • Kva er dei viktigaste som blir brukte?

  • Kven tenker du er målgruppa for reklamen?

2. Arbeid i gruppa

a) Presenter eit eller to døme kvar.

Vel eit eller to døme du presenterer til gruppa di med vekt på

  • kanal

  • bodskap og samanheng til partiprogrammet

  • verkemiddel

  • målgruppe

b) Samanlikn døma de har funne.

  • Kva er likskapar og forskjellar?

  • Kvifor får de ulik politisk reklame?

  • Kva vil partiet overtyde dykk om?

  • Korleis vil de samanfatte partiet sin politiske valkamp i sosiale medium?

  • Diskuter: I kva grad blir de påverka av politisk reklame?

c) Førebu presentasjon til klassen: Kva kjenneteiknar den politiske valkampen til partiet i sosiale medium?

Illustrasjon av person med hettegenser som speler fløyte framfor ei berbar datamaskin. Ut av fløyta strøymer einarar og nullar. På skjermen blir det vist eit valresultat i form av eit søylediagram, og den midtarste søyla rører på seg som ein svaiande slange.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Vel eit eller to døme de presenterer i gruppa.

  • Samanfatt kva som kjenneteiknar valkampen til partiet i ulike sosiale mediekanalar.

  • Kva verkemiddel blir brukte?

  • Kva bodskapar treffer førstegongsveljarar best, tenker de?

3. Presentasjon og diskusjon i klassen

a) Presenter den politiske reklamen til partiet i sosiale medium.

  • Kvar gruppe held presentasjonen sin.

b) Diskuter spørsmåla, først i gruppa, så i klassen.

  • Kva politiske reklamar fungerer best?

  • Kva trur de påverkar førstegongsveljarane mest? Grunngi svaret.
  • Diskuter påstanden: Valkampen på sosiale medium fører til eit auka fokus på politikarane som personar, og politiske saker får mindre merksemd.

  • Pek på positive og negative sider ved politisk reklame i sosiale medium.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen og Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 27.06.2023

Læringsressursar

Politisk kommunikasjon