Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kor godt forstår du politisk marknadsføring?

Sosiale medium og digitale verktøy har endra korleis veljarar kan påverkast i ein valkamp. Politiske parti reklamerer stadig meir på sosiale medium. Korleis møter du som ungdom personretta og skreddarsydd politisk reklame?

Oppgåve 1. Men er det politisk marknadsføring?

A) Definer omgrep

Arbeid i grupper på to eller tre. Bli einige om og formuler definisjonar for dei tre fagomgrepa under. Bruk gjerne kjelder som støttar dykk i arbeidet. Oppgi i så fall kjeldene.

Fagomgrep:

  • politisk marknadsføring

  • informasjon frå styresmakter

  • redaksjonelt innhald

B) Sorter innlegg frå sosiale medium

Oppgåve 2. Einig, eller ikkje einig?

A) Vurder

B) Argument

Vel to utsegner du er einig i og to du er ueinig i. Forklar og argumenter for kvifor du er einig og kvifor du er ueinig.

  • Skriv ned forklaringane dine.

  • Argumenter for vala dine overfor medelevar etterpå.

Kjeldeliste

Rosenberg, T. G: Politisk markedsføring sosiale medier. (2021). Medietilsynet. https://www.medietilsynet.no/globalassets/publikasjoner/kritisk-medieforstaelse/210825-rapport-om-politisk-reklame-i-sosiale-medier-august-2021.pdf

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Thea Grav Rosenbeg.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2022

Læringsressursar

Politisk kommunikasjon