Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Undersøk og presenter politisk kommunikasjon i sosiale medium

I denne oppgåva skal du undersøkje korleis eit politisk parti vel å kommunisere i sosiale medium.
Illustrasjon som symboliserer korleis val og valkampar kan manipulerast gjennom spreiing av falsk informasjon og propaganda på nettet. Illustrasjonen viser ein ung mann i hettegenser som sit med beina i kors og speler på ei fløyte. Instrumentet kan minne om fløyta til ein indisk slangetemjar. Den unge mannen sit framfor ein PC-skjerm som viser eit stolpediagram over valoppslutninga for ulike parti. Ut av fløyta hans strøymer det ikkje tonar, men lange kjeder av binære talrekkjer. Ein av stolpane i statistikken har begynt å vekse seg større enn dei andre. Han beveger seg på same måten som ein indisk kobraslange.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samarbeid gjerne med ein medelev om å løyse denne oppgåva.

Oppgåve 1. Vel eit av dei politiske partia i Noreg

Det kan vere Høgre, Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Framstegspartiet, Venstre, Kristeleg Folkeparti, Sosialistisk Venstreparti, Raudt eller Demokratane.

Ta utgangspunkt i dei seks funksjonane som politisk kommunikasjon kan ha:

  • informasjon
  • kommunikasjon
  • marknadsføring
  • mobilisering
  • setje dagsorden
  • kritikk

Oppgåve 2. Analyser den politiske kommunikasjonen

Gå gjennom den politiske kommunikasjonen som partiet har stått for i sosiale medium den siste tida. Bruk kommunikasjonsmodellar.

  1. Finn døme på kvar av dei seks funksjonane.
  2. Analyser og diskuter korleis kommunikasjonen rettar seg mot bestemte målgrupper.

Oppgåve 3. Presenter resultatet for resten av klassen

Fortel resten av klassen kva de har funne ut.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2021

Læringsressursar

Politisk kommunikasjon