Når vi er med i ein debatt, har vi som regel teke eit standpunkt i ei sak, og vi argumenterer for vårt syn. Somme byggjer på fakta, og andre speler på kjensler.
Sjå videoen under og jobb med oppgåvene.
1. Analyser ein debatt
Finn ein TV-debatt på til dømes NRK TV og kom med eit døme på kvart av omgrepa under:
standpunkt
argument
premiss
open argumentasjon
skjult argumentasjon
Presenter døma for ein medelev og forklar kvifor du har valt dei. Viss de er ueinige om noko, kan de sjekke dei opp mot ordforklaringane over.
2. Diskuter i klassen
Kva er bra med å bruke skjult argumentasjon?
Når blir skjult argumentasjon dårleg for debatten?
Kvifor kan det vere nyttig å kjenne til omgrep som standpunkt, argument og premiss når ein ser på ein debatt?
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2021