Hopp til innhald

Fagstoff

Orden, rydding og reinhald

Det er ingen som ryddar etter deg på arbeidsplassen. Det er ditt ansvar. Erfaringar viser at rydding, å halde orden og gjere reint er ein del av tryggingsarbeidet på arbeidsplassen.
Biletet viser ein boredekksarbeidar som skal til å samle stålkablar i ein strips, slik at området blir ryddig og sikkert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du vil raskt lære at det er ditt ansvar å rydde og halde orden både mens du jobbar og etter at arbeidet er ferdig. Det er fordi du skal unngå å lage farlege situasjonar for deg sjølv og andre. Å halde arbeidsplassen ryddig er eit viktig hjelpemiddel til å hindre at farlege situasjonar oppstår. Du skal vere ryddig og halde orden på skulen, på verkstaden og offshore.

Søl på golvet

Dersom du oppdagar oljesøl eller anna søl på golvet, skal du fjerne det med ein gong, sjølv om det ikkje var du som sølte det ut. Du har ei plikt til å bidra til tryggleik for deg sjølv og andre på arbeidsplassen din. Det står boksar med filler rundt omkring, som skal brukast til å tørke opp søl.

Arbeid på boredekk

I periodar er det ganske skitte på boredekk. Det er boraren som bestemmer når det skal spylast og vaskast der. Boraren har ansvar både for brønnen og for dei som arbeider på dekk. Når brønnen er sikra, kan vasking og rydding blir sett i gong.

Eit manuelt slips er sett til side for brønnen på boredekk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Søppel skal sorterast

Søppel blir sortert i ulike konteinarar som står på dekk. Det er viktig at du òg sorterer riktig, fordi usortert søppel er veldig kostbart for kunden. Søppel skal òg sorterast inne i bustadkvarteret.

Dersom du ikkje sorterer, og blir oppdaga, kan det føre til at du blir send heim og ikkje får kome ut på riggane til denne kunden meir.

System i slangar, leidningar og stroppar

Når du jobbar med slangar, leidningar og stroppar, er det viktig at du held orden, legg det inn mot sida av gangvegen eller heng det opp i krokar på rekkverket. Slangar og leidningar kan stripsast saman, slik at dei tek mindre plass.

Løftestroppar og wire skal hengjast opp etter bruk, slik at dei ikkje blir skitne eller skadde.

Laust verktøy og smådelar

Verktøy og smådelar som er i bruk i arbeidet, skal haldast godt innanfor kanten av dekk, slik at det ikkje fell ned på neste nivå. Det skal ikkje liggje og flyte i gangveg eller i området der du arbeider. Bruk ei eske eller ein kasse til å samle smådelar i. Bruk verktøysikring til å feste verktøyet, slik at det ikkje fell ned eit nivå.

Verktøy skal reingjerast og leggjast tilbake på plass etter bruk.

Lånt verktøy skal reingjerast og leverast tilbake til utlånar.

Arbeidstøyet

Når du er ferdig på skiftet ditt, går du inn i garderoben og tek av deg arbeidstøyet. Det skal leggjast i riktig korg for vask eller hengjast inn i garderobeskapet. Arbeidshanskar skal anten leggjast til vask eller kastast viss dei er øydelagde.

Hjelm, briller og sko skal òg leggjast inn i garderobeskapet, slik at dei ikkje ligg i vegen for andre.

Dersom du har brukt radio (berbar UHF/VHF-kommunikasjon), skal han setjast på ladestasjonen.

Relatert innhald

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er likeverdig med andre forretningsmål.

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 14.07.2021

Læringsressursar

Prosedyrar for utføring og rapportering av arbeidet