Hopp til innhald
Film og filmklipp

Erfaringsoverføring frå tidlegare hendingar

Planlegging, koordinering og god kommunikasjon er viktige verktøy for å unngå uhell og ulykker. Desse tre historiene kan du bruke som erfaringsoverføring og reflektere over kva som skal til for å unngå uønskte hendingar.


1. Planlegging, prejobbmøte og gjennomføring

Det blir halde prejobbmøte for nesten alle aktivitetar som skal gjerast om bord på riggen. Som deltakar i prejobbmøtet er det oppgåva di å forstå omfanget av arbeidet, risiko og kva rolle du og kollegaene dine har i oppdraget. Når jobbar går over fleire skift, må det gjennomførast handover-møte ved skiftbyte.

Kor mange spørsmål skal du stille under gjennomgangen av ein jobb? Alle!

Det er viktig å forstå heile oppdraget og dei farane som kan påverke situasjonen. Animasjonen under frå Samarbeid for Sikkerhet viser ein situasjon som oppstår under arbeid på trykksett utstyr.

YouTube: Ulykke trykksatt system

Refleksjon

  • Er det mangel på informasjon eller mangel på spørsmål og forståing som er problemet?

  • Kva skal til for at du kan stille alle spørsmåla du har i planleggings- og handover-møte? Kva kan konsekvensen bli om du ikkje spør?

  • Er det forskjell på å vere lærling og fagarbeidar?

2. Rutinearbeid og vedlikehald om bord

Mykje av arbeidet som blir gjort om bord, har du gjort hundre gonger før. Må det verkeleg planleggjast på den same måten som den første gongen vi gjorde det? Kva kan gå gale?

Arbeid som du er godt kjend med, kan fort gå gale om du tek snarvegar. Det er viktig å hugse at prosedyren er laga for din eigen tryggleik. Animasjonen under frå Samarbeid for Sikkerhet viser arbeid på trykksett utstyr der fleire feilvurderingar fører til ein personskade.

YouTube: Personskade ved avblødning

Refleksjon

  • Er haldningar til prosedyrar og reglar like viktig som reglane sjølv?

  • Kan kommunikasjon hindre slike hendingar?

  • Kva er eigentleg "ein menneskeleg glipp"?

3. Erfaringsoverføring er eit HMS-verktøy

Finst det jobbar som ikkje er planlagde? Ja, det dukkar alltid opp noko som ein løysingsorientert tilsett tek tak i med éin gong for å fikse problemet. Trykk, tennkjelder og gass er risikomoment vi alltid må tenkje på, sjølv om vi oppdagar ein uventa situasjon.

Du ønskjer berre å hjelpe til og løyse problem du oppdagar undervegs. Korleis kan denne "eg skal berre"-haldninga påverke din eigen og andre sin tryggleik? Animasjonen under frå Samarbeid for Sikkerhet viser korleis ein liten lekkasje på eit trykksett system kan bli til ei stor ulykke om ho blir handtert feil.

YouTube: Gasslekkasje på Tordenskjold-plattformen

Refleksjon

  • Sjølv om det er vanskeleg å la vere å fikse noko ein oppdagar, kva skal du gjere for å løyse situasjonen på best mogleg måte?

  • Korleis kan erfaringsoverføring brukast for å unngå slike situasjonar?

CC BY-SA 4.0Skrive av Sissel Paaske og Samarbeid for Sikkerhet. Rettshavarar: Samarbeid for Sikkerhet og Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 04.06.2021