Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skiftbyte med handover

Når du har jobba i tolv timar, er det på tide å ta kveld. Før du går til ditt, må du gjere ein god handover, slik at dei som skal overta arbeidet veit kva status er, og kva dei skal gjere.
Fire kollegaer i arbeidstøy diskuterer arbeidet. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handover

Handover er ei overlevering av informasjon om arbeidet frå eit skift til det neste. Når du er ferdig med skiftet ditt, skal nokon andre halde fram jobben du heldt på med.
Det er viktig at informasjonen som blir overlevert, er strukturert og tydeleg. Dei som skal overta, må òg stille spørsmål til arbeidet.

Informasjonen i ein handover kan vere

  • status på arbeidet som du gir vidare

  • dokumentasjon til arbeidet

  • problem eller utfordringar du har hatt

  • utstyr og verktøy som er i bruk

  • status på ventilar – om dei står i open eller stengd posisjon

  • status på trykk – dersom det er trykk i systemet

  • kva som er neste steg i arbeidet

  • kva som skal gjerast når arbeidet skal avsluttast

Ein god handover skal sørgje for at arbeidet kan utførast på ein sikker og effektiv måte.

Tren på handover

Klassen blir delt i to grupper: skift 1 og skift 2. Skift 2 går ut på gangen.

Arbeidsoppdrag: Finn vêrmeldinga for byen din på yr.no.

Skift 1: Start oppdraget.

  • Ta ein PC (ikkje din) og set han på ein pult i klasserommet. Kople han til straum. Skru han på.

STOPP – ta ein handover. Gå ut på gangen for møtet. Finn ein medelev som skal delta i møtet. Forklar kva oppdrag de har, kva du har gjort, og kva som står att. Medeleven stiller spørsmål som er nødvendige.

Skift 2: Medeleven overtek oppdraget. Du observerer, men gir ingen innspel etter handovermøtet.

  • Logg på. Opne ein nettlesar. Gå til yr.no og finn vêrmeldinga for byen din.

  • Vis vêrmeldinga til skift 1.

Diskuter etter oppdraget:

  • Var all informasjon i møtet viktig?

  • Mangla det noko informasjon?

  • Kva lærte de om handover?

Etter arbeidsoppdraget
  • Forklarte du i handoveren kvar PC-en stod?

  • Sa du kven han tilhøyrde?

Blei desse spørsmåla stilte?

  • Kva for ein PC? Kvar står han?

  • Har han straum?

  • Blir det kravd passord for pålogging?

  • Kven har passordet?

  • Kan den som har passordet vere med og logge på, slik at eg kan fullføre oppdraget?

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2021

Læringsressursar

Prosedyrar for utføring og rapportering av arbeidet