Jobbrapport
Det er lurt å ta notat undervegs i ein arbeidsoperasjon. Notata bruker du både til planleggingsfasen, arbeidsutføringa og til jobbrapporteringa.
Når du jobbar offshore, er det vanleg å ha ei lita notatbok i kjeledressen, ho blir kalla ei tallybok. I den kan du notere ned informasjon du får i handovermøte, SJA-møte og toolbox talk-møte.
Undervegs noterer du òg informasjon om arbeidet som blir gjort i løpet av skiftet ditt.
Det er ulikt kva informasjon som er viktig for jobbrapporten. Nokon typar arbeid er direkte på ein brønn, mens andre typar arbeid er rigging eller fjerning av utstyr.
Dersom du jobbar på ein brønn, må du ha med denne informasjonen i jobbrapporten:
Namnet til brønnen heilt ned til riktig lateral.
Ein tittel som beskriv arbeidsoppdraget:
Setjing av liner i ...
Perforering av ...
Komplettering med screen i lateral ...
Øvre komplettering i ...
Fjerne scale i ...
Utstyret som er brukt i brønnen
Vekt av arbeidsstreng og utstyr
Kva utstyr som er installert i brønnen
Teikning av utstyr som er brukt eller installert i brønnen
Dimensjonar som lengde og diameter
Djupet der arbeidet er utført i brønnen
Brønnhovudtrykk undervegs i arbeidet
Hendingar under arbeidsoperasjonen: restriksjonar/djup, friksjon/djup, trykkendringar og så vidare
I rapporten bør informasjonen merkast med dato og klokkeslett. Det noterer du undervegs i tallyboka og bruker til jobbrapporten.
Notat frå tallyboka:
Dato | Klokke | Aktivitet |
---|---|---|
4. april 2021 | 08:15 | Toolbox talk – hugs avblødingsventilen på lubrikator |
4. april 2021 | 10:35 | Går inn i brønnen, Oppvekt: Nedvekt: Hengjevekt: |
4. april 2021 | 11:15 | Ved DHSV PÅ 511 mMD RKB, |
I jobbrapporten:
Dato | Klokke | Aktivitet |
---|---|---|
4. april 2021 | 08:15 | Toolbox talk med dagskift og brønnleiar |
4. april 2021 | 10:35 | Går inn i brønnen med 13,5 meter lang vaskestreng |
4. april 2021 | 12:05 | På TD 1307 mMD, Oppvekt: Nedvekt: Hengjevekt: |
Det er viktig at eigaren kan sjå kva som er endeleg status i brønnen når du er ferdig med arbeidet ditt. Då er informasjon om indre diameter, djup og lengde på utstyr som er installert, svært viktig. Også informasjon om profil på fiskenakke på utstyr i brønnen er viktig i tilfelle kunden ønskjer å trekkje det ut seinare.
Dersom du i arbeidet ditt oppdaga noko som var uventa, bør det òg nemnast i rapporten, slik at kunden er klar over eit mogleg problem.