Fagartikkel
Arbeidsvitreglar
Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er likeverdig med andre forretningsmål.
- Helse, miljø og sikkerheit (HMT) er likeverdig med andre forretningsmål.
- Kartlegg, reduser og gjer kjent risikoforhold og helsefarar.
- Innarbeid respekt for reglar og rutinar.
- Legg til rette arbeidet, og vel byggjevennlege løysingar.
- Sørg for riktige hjelpemiddel for lyfting og transport.
- Sørg for tilgang til funksjonelt verne- og sikkerheitsutstyr.
- Lytt til og vis respekt for medarbeidarane dine.
- Lær riktig arbeidsteknikk.
- Førebygg belastningsskade − følg signala frå kroppen, og varier arbeidsstilling ofte.
- Brukstilvisingar for kjemikalium skal følgjast.
- Ikkje mobb kameraten min! Trivsel på arbeidsplassen fremjar god helse.
- Lær førstehjelp − du kan fort få bruk for det!
- Bruk personleg verneutstyr.
- Ta vare på miljøet − tenk på etterkommarane dine.
- Unngå sløsing og søl med olje, gass, straum og vatn.
- Støy minst mogleg.
- Reduser avfallsmengda − sorter for gjenvinning.
- Lever spesialavfall til godkjent mottak.
- Tryggleiken din kjem før produksjonsomsyn.
- Bruk nødvendig personleg verneutstyr.
- Respekter kjemikalium, olje, gass, trykkluft og elektrisitet.
- Bruk trygge understøttingar, og gå ikkje under hengande last.
- Stillas skal ha sertifikat. Stigar skal vere typegodkjende og sikra mot fall.
- Drøft problem med føresette eller verneombod.
- Bidra til at vedtekne retningslinjer blir gjennomførte og etterlevde.
- Bidra til at arbeidsplassen er forsvarleg sikra.
- Orienter deg om plassering av redningsutstyr og rømmingsvegar.
- Hald rømmingsvegar opne − det er ein tryggleik i alvorlege situasjonar.
- Unngå brannfarlege situasjonar.
- Rydd litt meir enn du rotar.
- Aksjoner med ein gong − og rapporter uønskte forhold.