Hopp til innhald
Fagartikkel

Skilting og merking

I staden for tekst blir ofte skilt brukt som skildring av ei farleg maskin, påbod om verneutstyr og til dømes nødutgangar. Skilt blir nytta for at du raskt skal kunne identifisere ein fare eller risiko eller få annan informasjon utan å måtte lese.

Skilt

Bruk av skilt hjelper deg til å raskt kunne kartlegge eventuelle farar, risiko eller informasjon utan å måtte lese mykje tekst. Denne typen skilt skal produserast i tydelege format og dermed kunne sjåast på langt hald. Skilta er oppdelte i ulike kategoriar, og dei blir produserte etter ein standardisert metode. Dette gjeld både utforming, farge og symbolbruk. Standarden for dette heiter ISO Standard 7010.

Skilta har ulik form, farge og symbol slik at du på ein enkel måte kan sjå kva type skilt det er, og forstå kva som er formålet med skiltet.

Ulike skilttypar

Påbodsskilt

Påbodsskilt blir nytta ved påbod om personleg verneutstyr og for å oppnå ønskt åtferd eller handlemåte i ulike situasjonar i arbeidsmiljøet.

Påbodsskilt skal ha rund form med kvitt symbol på blå bakgrunn. Den blå fargen skal dekke minst 50 prosent av skiltflata.



Forbodsskilt

Forbodsskilt er sikkerheitsskilt som forbyr handlingar som direkte eller indirekte kan forårsake fare på arbeidsplassen eller på skulen. Forbodsskilt blir òg nytta til å forby tilgjenge til område og rom eller til dømes for å unngå uønskt parkering.

Forbodsskilta skal ha rund form med svart symbol på kvit bakgrunn. Skilta skal ha raud ramme og ei raud, diagonal linje frå venstre til høgre tvers over symbolet med vinkel på 45 gradar. Raudfargen skal dekke minst 35 prosent av skiltflata. I mange tilfelle blir forbodsskilta leverte med ein beskrivande tekst i tillegg til symbolet.


Varsel- og fareskilt

Fareskilt er skilt som åtvarar mot risiko og fare.

På arbeidsplassar der ferdsel kan medføre fare for sikkerheita, skal det setjast opp nødvendige skilt. Skiltinga skal raskt og tydeleg rette merksemda di mot dei formåla og situasjonar som kan innebere fare. Fareskilt har som hensikt å førebygge ulykker ved å sikre at du som arbeidstakar, elev eller besøkande blir åtvara om potensielt farlege situasjonar.

Fareskilt skal ha trekantform med svart symbol på gul bakgrunn, der gulfargen skal dekke minst 50 prosent av skiltflata.


Brannvernskilt

Brannskilt er skilt som viser plassering av utstyr som skal brukast i samband med brann.

Ved brann er det avgjerande at brannsløkkingsutstyr er lett tilgjengeleg for innleiande brannsløkking. Derfor må slikt utstyr kunne lokaliserast raskt og enkelt. Slike skilt skal veljast ut og monterast slik at dei alltid er synlege uansett kvar i bygninga du er. I situasjonar der utstyrs- og lokaliseringsskilt ikkje er synlege, skal det vere sett opp ekstra skilt som informerer om kvar utstyret er.

Brannskilt skal ha rektangulær eller kvadratisk form. Skilta skal ha kvitt symbol på raud bakgrunn, og raudfargen skal dekke minst 50 prosent av skiltflata. Skilta skal ha ein sjølvlysande effekt, slik at dei kan lyse ei tid etter at lyset er slått av eller straumen er borte.

Nød- og førstehjelpsskilt

Skilt for nødutgang og rømmingsvegar er skilt som er laga med eit materiale som har ein sjølvlysande effekt i mørket. Desse skilta blir nytta for å markere utgang til det fri eller til utgang som fører vidare til ein rømmingsveg. Retningsskilt med symbol og pil blir nytta for å vise retninga i rømmingsvegen. Nødutgangsskilt for merking av rømmingsvegar inngår som ein naturleg del av visuelle varselinnretningar for rømming og evakuering av bygningar. Det blir stilt strenge krav til montering av denne typen skilt, og utforming og montering må tilfredsstille krava i Norsk Standard NS 3926.

Standarden er utarbeidd på grunnlag av behovet for einsarta, felles prinsipp for utforming av rømmingsvegar for å sikre at dei er forståelege for alle personar uavhengig av heimland eller morsmål. Behovet for eit standardisert rømmingssystem har blitt endå større på grunn av stadig aukande internasjonal reising.

I ein nødssituasjon vil eit standardisert rømmingssystem bidra til mindre panikk, gjere det mogleg for menneske å rømme ein bygning raskare og sikrare, og det vil òg gjere det enklare for brannmannskap og andre redningsmannskap å evakuere menneske frå bygningar.

Skilta skal utformast med grøn grafikk på lys gul bakgrunn, og dei skal som nemnt ha ein sjølvlysande effekt. Den sjølvlysande effekten skal vare i minst 30 minutt etter at lyset blir slått av, alt etter kva brannklasse bygninga har.

Kontrollspørsmål

Dra riktig nemning inn på riktig skilttype.