Hopp til innhald
Fagartikkel

Oppfølging av sikkerheitskrav

Det finnes én type egenskaper som ikke gjør kundene spesielt fornøyde når de blir oppfylt, men desto mer misfornøyde om de ikke er til stede. Det gjelder egenskaper som gjør at en tjeneste eller et produkt er trygt å bruke.

Kundane tek for gitt at ei transportteneste er trygg. For at ein transport skal vere trygg, må ei rekkje krav vere oppfylte, til dømes:

  • Føraren må vere utkvilt.
  • Føraren må ikkje vere påverka av alkohol.
  • Køyretøyet må vere i forskriftsmessig stand (bremser, dekk og liknande).
  • Farten må vere avpassa trafikkmiljøet.

Kravet til at det skal vere trygt å bruke varer og tenester, er så viktig at styresmaktene har lovregulert det. Slike sikkerheitskrav er fordelte på mange lover og forskrifter, og det er ikkje alltid like lett å vite kva krav som gjeld. Vi har også plikt til sjølv å setje oss inn i vedtaka og følgje dei.

For det første må vi opptre i samsvar med vedtaka i veitrafikklova med alle forskriftene der. Mange av desse vedtaka lærer du om under føraropplæringa. For det andre må vi opptre i samsvar med helse-, miljø- og sikkerheitslovgivinga. Her finn vi viktige krav i

Alle bedrifter er i dag pålagde å ha eit internkontrollsystem med prosedyrar og retningslinjer som dei tilsette skal følgje for å sikre trygge tenesteleveransar.