Hopp til innhald

Fagstoff

Krav ved persontransport

Kundane etterspør ei rekke tenester ved persontransport. Kva for ønske dei har, kjem an på kor lang reisa er.
Ein bussjåfør plasserer ein koffert i bagasjerommet til bussen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjerneteneste(r)

Selskapet Ruter AS driv kollektivtransport i Oslo. La oss seie at eleven Nadia reiser med Ruter til og frå skulen. Transporten frå haldeplassen der Nadias reise begynner, til haldeplassen der ho går av, kallar vi kjernetenesta.

Tilleggstenester

I tillegg til sjølve transporten tilbyr Ruter ein del tilleggstenester for at Nadia skal bli fornøgd. Døme på slike tilleggstenester er god informasjon om stoppestader og ein mjuk køyrestil frå sjåførens side. I tillegg ønsker Nadia seg at Ruter held tidstabellen, at transportmiddelet er reingjort, og at sjåføren opptrer høfleg.

På lange reiser er tilgang til bagasjeoppbevaring og toalett, leselys og regulerbare stolar blant tinga kundane ønsker seg og forventar. Det er heller ikkje noka ulempe om det er kort avstand frå haldeplass til reisemål.

Tenk over

Kan du komme på fleire tilleggstenester som kollektivtrafikantar har behov for?

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.08.2023

Læringsressursar

Kvalitetskrav