Hopp til innhald

Fagstoff

Beredskapsrutinar

Når transport- og logistikkverksemder ikkje klarer å levere varer og tenester med dei eigenskapane kundane forventar, må det setjast i verk tiltak. Bedriftene har rutinar for korleis dei skal handle i slike situasjonar.
Vegsperring skilta med  "Veien stengt" og eit fareskilt om ras. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Uventa hendingar

Mykje uventa kan skje undervegs, og då må vi setje i verk tiltak. Trafikkulykker, stengde vegar og køyretøyhavari er døme på situasjonar som krev tiltak. For å kunne reagere riktig i slike situasjonar har bedriftene beredskapsrutinar som må følgast når det oppstår avvikssituasjonar.

Kundar som har bestilt varer, reknar med at leveringsservicen er god. Leveringsservicen består av ei rekke element, og når eit eller fleire element ikkje kan innfriast, må kundane få informasjon om det. Døme på situasjonar som krev at kunden blir varsla, er

  • når vi er tomme for ei vare
  • når vi ikkje greier å halde avtalt leveringstid
  • når vi påfører godset transportskade

Tilsvarande må kollektivtrafikantar få nødvendig informasjon ved ruteomleggingar og større forseinkingar. Passasjerar som har bestilt billett elektronisk, kan ofte varslast elektronisk – slik fleire flyselskap har begynt med. I kollektiv nærtrafikk er det ikkje mogleg å varsle, men ved hjelp av elektroniske oppslagstavler på haldeplassane kan dette problemet løysast nokre stader.

Alvorlege ulykker

Skulle det skje alvorlege trafikkulykker, må du kontakte redningsetatane: brannvesenet på telefonnummer 110, politiet på 112 og AMK-sentralen på 113. Desse etatane har eigne prosedyrar for kva slags informasjon dei treng, så her er det best at du svarer systematisk på spørsmåla du får, i den rekkefølga dei kjem.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 13.12.2018

Læringsressursar

Kvalitetskrav