Fagartikkel
Krav ved godstransport
Mange aktørar er involverte i eit godstransportoppdrag, og krava til dei ulike aktørane varierer. Her lærer du kva dei ulike aktørane legg vekt på for at kundane skal få varene sine skadefrie og til avtalt tid.
Produksjonsbedrifter og handelsbedrifter får i dag tilført råmateriale, komponentar og ferdigvarer i takt med produksjonen. Stoppar tilførselen opp, stoppar produksjonen opp òg. Bedriftene legg derfor stor vekt på at transportøren kan levere
- pålitelege transporttenester (levering til avtalt tid)
- sikre transporttenester (levering utan transportskade)
- transportmiljø tilpassa krava som varene stiller (til dømes temperaturkrav ved transport av matvarer, som kjøl, frys og sval)
Lagertenesta til seljaren må
- registrere kundeordren riktig
- ha feilfri ordreplukk
- gi opp riktig informasjon til kunden (fraktbrev, faktura, sporingsnummer, kontaktopplysningar ved reklamasjon, informasjon om restordrar og tidspunktet dei vil bli ekspederte på)
- emballere vara rett for å førebygge transportskade
- overlevere vara til godstransportør til avtalt tid
Godstransporttenesta på si side må levere sendinga
- komplett
- til rett tid
- til rett utleveringsstad
- skadefri
med korrekt informasjon (angrefristskjema, faktura, sporingsnummer)
Dersom transportbedrifta får gods frå mange avsendarar og distribuerer godset til mange mottakarar, er det dessutan viktig med
- feilfri sortering av godset
- påliteleg transport (levering til avtalt tid)
- sikker transport (skadefri leveranse)
- riktig informasjon til transportkjøparen (sporingsnummer, faktura)