Oppfølging av kvalitetskrav i transport- og logistikkbransjen
Bussjåførar må først og fremst følge tidstabellen. Passasjerar kan godta forseinkingar på grunn av mykje trafikk, men ikkje at sjåføren køyrer før rutetida.
Det er òg viktig at bussjåførar les dei ulike kundebehova og følger dei opp så godt det let seg gjere. Eldre passasjerar kan ha behov for å setje seg før bussen køyrer, svaksynte kan trenge hjelp for å finne fram til sitjeplassen, mens turistar må kanskje ha hjelp for å finne fram til rett haldeplass.
Godssjåførar har ingen tidstabell dei skal følge, men fastsette avgangs- og innkomsttider for kvar tur. Desse tidene må sjåføren overhalde.
I tillegg må alt gods lastast og lossast skånsamt, og godset må sikrast under transport for å førebygge skadar.
Det er òg viktig at godssjåførar held kontakten med oppdragsgivarane sine dersom avvik oppstår på grunn av stengde vegar og redusert framkomme på vegnettet. I slike situasjonar er det viktig å kommunisere og varsle kundar om forseinkingane.
Logistikkoperatørar må sikre at dei plukkar riktig ordre, og dei må emballere vara slik at dei førebygger transportskade.
Fraktbrev skal fyllast ut med rett mottakaradresse, slik at vara kjem fram til avtalt tid og stad.
Logistikkoperatørar må òg overføre sporingsinformasjon om vara til kunden eller avtale med godstransportøren at han skal sørge for det.
Ved nettsal må dei òg legge ved eit opplysningsskjema om angrerett saman med ein pakksetel som viser kva kvar sending inneheld.
I tillegg må logistikkoperatørar følge opp retur frå kundar som har nytta seg av angreretten.