Hopp til innhald
Oppgåve

I forhold til (kva då?)

"I forhold til fristen er det for seint". Frasen "i forhold til" har blitt rein mote i Noreg dei siste åra. Viss du lærer deg når du eigentleg skal bruke uttrykket, kjem du til å leggje merke til kor ofte andre bruker det feil.

Oppgåve 1

I dei fire setningane under er i forhold til brukt riktig berre éin gong. Kva for ei av setningane trur du er riktig?

Når er det riktig å bruke "i forhold til"?

Først og fremst bruker vi i forhold til når vi samanliknar to ledd. Kan du byte ut uttrykket med "samanlikna med", er det sannsynlegvis riktig:

  • Ho var lita i forhold til søstera si.
  • Ho var lita samanlikna med søstera si.

I opne spørsmål om til dømes plassering, som:

  • Kvar er skulen i forhold til huset ditt?

Oppgåve 2

Sit saman to og to:

  1. Diskuter om i forhold til er brukt riktig i setninga på kortet under. Hugs at du stort sett berre skal bruke det der du kan byte ut i forhold til med "samanlikna med". Unntaket er opne spørsmål, som beskrive i punkt 2 over.
  2. Viss de meiner i forhold til er brukt feil, prøv å lage ei betre formulering.
  3. Eit tips: "Det enkle er ofte det beste".

Kvifor overforbruker vi "i forhold til"?

Mykje av grunnen til at nordmenn stadig vekk skriv og seier i forhold til, er

  • at vi har høyrt det så mykje at vi trur det er rett
  • at vi jåler til språket unødvendig

Når det gjeld det siste punktet, så kan det verke som mange trur språk er bra om det er komplisert. Det stemmer ikkje. Faktisk er språk best om det er enkelt og greitt å forstå. Det er ikkje gale å bruke eit framandord av og til, men det å skrive korte, enkle setningar som mottakaren ikkje må lese fleire gonger for å forstå, er det same som godt språk.

Oppgåve 3

I setningane under er i forhold til brukt feil. Setningane er forsøkt retta opp i, men dei manglar eit ledd som skal erstatte i forhold til. Skriv inn ordet du meiner passar i setninga for at det skal bli godt språk.

Tips

Viss du har fått tilbakemelding på at du bruker for mykje i forhold til i tekstane dine, kan du leggje inn eit ordsøk i dokumentet ditt før du leverer. Bruk ti minutt til å sjekke om du kan erstatte frasen med andre uttrykk. Først og fremst er det om å gjere å skrive enklare:

Kan du kanskje byte ut i forhold til med:

  1. Preposisjonar? Ho kjem med forslag i forhold til forbetringar./Ho kjem med forslag til forbetringar.
  2. Uttrykk som "når det gjeld": I forhold til miljøproblema, må vi ta oss saman./Når det gjeld miljøproblema, må vi ta oss saman.
  3. Rett og slett eit enklare språk? Prøv å skrive om heile setninga. Bruk færre ord: Eg vil no oppsummere alle aspekta i forhold til utviklinga til personskildringa til hovudpersonen./ Når det gjeld utviklinga til hovudpersonen...