Øving
Då eller når?
"Den gang då, kvar gang når". Slik er regelen. Men er det alltid så enkelt?
I utgangspunktet er svaret: Ja! Det er så enkelt at du skal bruke då når du skriv om ei hending som skjer ein gong i fortid. Når det er noko som skjer fleire gongar, skal du bruke når:
- Når eg dreg på ferie, tar eg alltid med meg pass.
- Då eg drog til Italia, gløymde eg pass.
Men kva med denne setninga?
- Når/Då eg var liten, likte eg å spele fotball.
Dersom du skal bruke "den gong då, kvar gong når"-regelen, er det mest logisk at det skal stå når her. Det at "eg" likte å spele fotball, var jo noko som skjedde gjentekne gonger. Men svaret er at det skal stå:
- Då eg var liten, likte eg å spele fotball.
Årsaka er at om du skriv om ei hending frå fortida som gjekk over ein lengre tidsperiode, skal du bruke då:
- Då Ibsen voks opp, budde han i Skien.
- Då Noreg var i union med Danmark, var dei fleste nordmenn bønder.