Hopp til innhald
Oppgåve

Og eller å?

Og og å: Som oftast uttaler vi orda likt, så i talen treng vi ikkje tenkje på kva som er rett. Men når vi skriv, er det viktig å kunne skilje bruken av desse to frå kvarandre.

Oppgåve 1

Test deg sjølv først. Trykk på og eller å der du meiner det er brukt feil i teksten under.

Når skal du bruke og, og når skal du bruke å?

Du skal få to forklaringar på når du skal bruke og, og når du skal bruke å.

Den første er den enkle forklaringa. Dette er ikkje ein regel, men eit tips. Tipset er greitt å lære for deg som har store problem med og/å. Kanskje synest du òg det er vanskeleg å forstå og hugse grammatiske reglar? Men du må kunne litt engelsk, og det er ikkje 100 % sikkert.

Den andre forklaringa krev at du forstår noko grammatikk og hugsar reglar. Her treng du ikkje vere avhengig av engelskkunnskapane dine. Og lærer du desse reglane, skal du vere heilt sikker på når du skal bruke og/å. Sjølv om du går for denne, bør du lese gjennom og gjere alle oppgåvene under.

Den enkle forklaringa

Eit godt tips for å knekkje og/å-koden er å omsetje frå norsk til engelsk. Du treng ikkje vere ekspert i engelsk for å forstå samanhengen mellom norsk og engelsk når det gjeld bruk av og/å.

Oppgåve 2

Sjå på setningane under. Ser du eit mønster i når ein på engelsk bruker and/to og når vi på norsk skriv og/å?

Samanlikning av AND/To og OG/Å

Engelsk

Norsk

I'm going to town to meet my friends.

Gunnlaug visited England and Sweden.

He decides to return.

He was a good warrior and received a reward.

Eg dreg til byen for å møte venene mine.

Gunnlaug besøkte England og Sverige.

Han bestemmer seg for å vende tilbake.

Han var ein god krigar og fekk ei påskjøning.

Løysing

Der engelskmennene skriv and, skal vi på norsk stort sett skrive og. Der det på engelsk blir brukt to, bruker vi å på norsk.

Oppgåve 3

Prøv deg på setningane under. Om du er i tvil om det skal vere og eller å, omset til engelsk.

Eit lite tillegg

Når du omset til engelsk, vil du leggje merke til at engelskmennene ofte bruker ing-form på verba sine: "Anders has quit smoking". Skal du då bruke og eller å? Sjå på tabellen under:

Å ved engelsk ing-form

Engelsk

norsk

Anders has quit smoking.

She left without paying.

Anders har slutta å røykje.

Ho drog utan å betale.

Tipset er at om du omset til engelsk og får "ing"-ending, skal det stort sett vere å på norsk.

Reglar for og/å

No skal vi gå over til å sjå på reglar og grammatikk. Her få du meir inngåande kunnskap om når du skal bruke og/å.

  1. Å er infinitivsmerke og kan berre stå framfor verb i infinitiv: Ho likte å segle. Han sette i å synge av full hals.
  2. Og er eit bindeord som bind saman ord eller setningar av same slag: Bikkja er gammal og snill. (adjektiv + adjektiv) Per og Anne koste seg på kino. (substantiv + substantiv). Han gjekk heim, og ho gjekk på kino. (setning + setning).
  3. Når skriv vi og framfor infinitiv? Av og til har vi to sidestilte infinitivar etter kvarandre i ei setning. Då skal vi bruke og for å binde dei saman: Anne kan danse og spele gitar.

Nokre vanskar

Som du ser av regel 1 over, skal du berre bruke å framfor verb i infinitiv. Dette burde vere ein enkel og grei regel. Men regel 3 kan forvirre: Du skal bruke og når du bind saman to infinitivar. Det heiter altså:

  • Eg vil ete og drikke.

Årsaka er at desse to infinitivane er sidestilte, slik det står i regel 3.

Men kva med denne setninga. Ho har to infinitivar etter kvarandre. Kvifor skal du bruke å her?

  • Kan du prøve å smile litt?

Svaret er at i den øvste setninga følgjer vi regel 3: "Ete" og "drikke" er sidestilte handlingar. Men i den nedste setninga er det "smile" som er hovudhandlinga, medan "prøve" er underordna.

Var det komplisert? Trøyst deg med at du kan bruke fortidsprøva. Dette er ein enkel test for å sjekke om to infinitivar skal ha og eller å mellom seg

Fortidsprøva

Viss du er i tvil om du skal bruke og eller å mellom to infinitivar, så set begge verba i fortid (preteritum – den forma du bruker "i går" framfor):

Døme 1: Eg vil ete og drikke – Eg åt og drakk.

Løysing: Setninga blir grammatisk riktig om vi set begge verba i fortid. Då er verba sidestilte, og vi skal ha og mellom dei.

Døme 2: Kan du prøve å smile litt? – Du prøvde å smile.

I dette dømet kan vi berre setje det første verbet i fortid. Det andre må vi behalde i infinitiv for at det skal bli riktig. Då er verba ikkje sidestilte, og vi skal ha å mellom dei.

Forstod du fortidsprøva? Viss ikkje kan du trøyste deg med at det fungerer med engelsktipset på desse to setningane òg. Prøv sjølv!

Oppgåve 4

Oppgåve 5

Ta oppgåve 1 øvst på sida ein gong til. Får du alt rett denne gongen?