Eit eller eitt?
Du skal bruke eitt når du skriv om tal, medan du elles stort sett skal bruke eit. Før rekna vi eitt som talord, medan eit var artikkel. I dag blir begge rekna som determinativ. Men det kan vere til hjelp å tenkje på eitt som eit tal.
- Han har eit enormt høgt fråvær. (Ikkje viktig med talet).
- Eitt av forslaga blei godteke. (Legg vekt på tal).
Viss ordet har trykk, skal du skrive eitt.
Tips
Prøv å omsetje til engelsk. Der du på engelsk vil bruke one, skal du på norsk som oftast bruke eitt. Viss du på engelsk seier a/an, er det sannsynleg at du skal skrive eit på norsk.
Les ingressen øvst på denne sida. Kva skal vere det riktige her? Eit eller éitt problem?
Viss du pleier å få mange feil på eit/eitt når du skriv, legg inn eit ordsøk (Ctrl+H) før du leverer inn tekstar. Trykk på "søk" og marker "berre heile ord". Søk først på eitt, deretter på eit.
Det er lurt å lage seg ei liste til seg sjølv over vanlege feil. Kanskje kan du unngå alle eit/eitt-feil om du set av ti minutt før innlevering til å berre konsentrere deg om dette?