Hopp til innhald
Øving

Sin/sitt/sine eller hans/hennar/deira?

– "Han vaska tåneglene hans."


– "Hæ, var ikkje det litt vel intimt?"


– "Det må jo vere lov å vaske neglene sine når dei er skitne!"


– "Åja... sine ja..."

Den lille dialogen øvst viser at det å blande "sin" og "hans" kan skape forvirring. For når er det eigentleg du skal bruke hans/hennar, og når skal du bruke sin?

For å få til denne oppgåva er det ein fordel å kjenne til omgrepa subjekt og verbal:

  1. Subjektet i ei setning er den eller det som gjer noko. Ganske ofte er subjektet eit substantiv: "Mannen søv". Men det kan også vere eit pronomen: "Han søv".
  2. Det er ikkje vanskeleg å finne verbalet i ei setning. Verba i ei setning er nemleg alltid verbal: "Mannen søv, og barnet skal sove."

Oppgåve 1

Klarer du å sjå kva setningar som er riktige under? Fire av setningane har heilt riktig bruk av sin, hans, hennar eller deira, mens fire er gale.

Forklaring

Sjå på setningane:

  1. Ho skreiv dikta sine medan ho budde i Italia.
  2. Ho skreiv dikta hennar medan ho budde i Italia.

Den første setninga betyr at "ho" var i Italia og skreiv sine eigne dikt. Den andre betyr at ho skreiv dikta til ei anna kvinne medan ho var i Italia.

Regel

Når du viser tilbake til subjektet i setninga (S), skal du alltid bruke pronomenet sin/si/sitt/sine:

  • Ho (S) klaga til mora si.
  • Dei (S) kyssa konene sine.
  • Dei (S) kjøpte hunden sin på ein kennel i Bodø.

Når du viser til andre setningsledd, skal du bruke hans/hennar/deira:

  • Ho klaga til mora hennar. (Sidan det er brukt "hennar" her, må setninga bety at "ho" gjekk til mora til ei anna jente og klaga.)
  • Dei kyssa konene deira. (Her er det nokon som kysser andre sine koner, ikkje sine eigne).
  • Dei kjøpte hunden deira på ein kennel i Bodø. ("Dei" har drege til Bodø for å kjøpe hunden til nokon andre).

Oppgåve 2

Sjå på setningane under. Kva for ord viser ordet med tjukk skrift til?

Oppgåve 3

Oppgåve 4