Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Morsmålet er nøkkelen til hjartet

Kva rolle speler morsmålet for identiteten vår?

Oppgåve 1

Del 1

  1. Sjå filmane Bonki og Hjertespråket.
  2. Les sitata av Nelson Mandela, Sanna Sarromaa og Paulus Utsi under:

Nelson Mandela:

"Hvis du snakker til en mann på et språk han forstår, går det til hodet hans. Hvis du snakker til ham på hans eget språk, går det til hans hjerte."

(Forskning.no, 2013)

Sanna Sarromaa:

"Jeg banner på finsk, jeg blir sint på finsk, jeg har sex på finsk. De dypeste og sterkeste følelsene – kjærlighet, lidenskap, hat, forbannelse – kommer alltid på finsk. Morsmålet er hjertets språk. Jeg kunne aldri elsket barna mine på norsk. På norsk hadde de bare fått et skall. På finsk får de hele meg – med alle nyansene, på godt og vondt."

(Morsmål.no, 2014)

Paulus Utsi:

“Inte något så djupt blir kvar hos människan som modersmålet. Som löser tankarna breder ut sinnet vårt och lenar sättet att leva.”

(Sametingsmelding om samisk språk)

Korleis synest du dei fem tekstane viser kor viktig morsmålet er for mennesket?

Du kan bruke skjemaet "Morsmålet er nøkkelen til hjartet" i arbeidet.

Filer

Del 2

Diskuter filmane og sitata i grupper. Ta utgangspunkt i sitatet: "Språket er nøkkelen til hjartet":

  • Korleis kjem sitatet fram i tekstane?
  • Kor viktig er morsmålet for dykk?
  • Dersom de vart tvinga til å slutte å snakke morsmålet dykkar: Ville det forandra identiteten dykkar?

Oppgåve 2

Vel ei av oppgåvene under:

  1. Skriv ein tekst der du kombinerer verkemiddel og uttrykksformer kreativt. Overskrifta skal vere "Språket er nøkkelen til hjartet". Bruk gjerne eigne erfaringar i teksten.
  2. Skriv ein fagartikkel om kva rolle morsmålet speler for identiteten til eit menneske.

Kjelder

Korneliussen I. (2013, 26. januar). Hvorfor ble du språkforsker? Hentet fra https://forskning.no/sprak-barn-og-ungdom-historie/hvorfor-ble-du-sprakforsker/657224

Sametingsmelding om samiske språk (2012). Hentet fra https://docplayer.me/7252130-Sametingsmelding-om-samisk-sprak.html

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2019

Læringsressursar

Minoritetsspråk