Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Det språklege mangfaldet til klassen

Korleis står det til med det språklege mangfaldet i klassen? Her skal de utforske og diskutere bruk av dialekt og ulike språk.

I Noreg har vi eit stort språkleg mangfald. Vi har ei rekkje ulike dialektar, samiske språk og tre nasjonale minoritetsspråk – kvensk, romani og romanes – i tillegg til teiknspråk. Dessutan har svært mange norske ungdomar eit anna morsmål enn norsk.

Korleis står det til med språkmangfaldet i klassen? Og ikkje minst: Kva haldningar har klassen til språkleg mangfald?

Del 1. Lag ei ordsky over språk i klassen

Tel opp kor mange ulike språk de i klassen kan. Her skal de både ta med morsmål, andrespråk og språk de lærer på skulen. Skriv alle i ei ordsky.

De kan til dømes bruke Mentimeter til dette.

Del 2. Lag ei ordsky over ordet "hei"

Korleis seier ein ordet "hei" på dei ulike språka klassen kan? Lag ei ny ordsky der alle måtane å seie "hei" på blir viste.

Del 3. Er du stolt av språket ditt?

Ta stilling til desse to påstandane og diskuter i klassen:

  1. Eg er stolt av morsmålet mitt og håper det eksisterer om 100 år.
  2. Eg er ikkje oppteken av om morsmålet mitt forsvinn.

Del 4. Kva vil du kalle dialekten din?

Kva namn vil du gi den dialekten du snakkar? Lag ei ny ordsky i klassen som viser dette. Diskuter etterpå:

  • Viser denne skya eit mangfald? Kvifor (ikkje)?
  • Kva trur de er årsaka til at resultatet blei som det blei?

Del 5. Er du stolt av dialekten din?

Diskuter desse to påstandane i klassen:

  1. Eg er stolt av dialekten min og vil arbeide for at han ikkje skal forsvinne.
  2. Eg bryr meg ikkje om dialektar. Det er ikkje farleg om dialektane i Noreg døyr ut.

Del 6. Oppsummer i klassen

Oppsummer i klassen:

  1. Kva haldningar viste klassen til språkleg mangfald?
  2. Var det nokon forskjellar på dei haldningane de hadde til ulike språk og dei de hadde til dialektar?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Minoritetsspråk