Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er språkleg mangfald?

Oppgåve

Før du ser filmen

  1. Kva legg du i omgrepet "språkleg mangfald"?
  2. Kor mange ulike språk og variantar av norsk møter du i løpet av ein dag? Skriv dei ned, og samanlikn gjerne med ein medelev. Er listene dykkar like eller ulike? Kvifor det, trur de?

Medan du ser filmen

  1. Notér ned alle døma på språk som blir trekte fram.
  2. Kva kjem fram om språk og identitet? Skriv ned døme.

Etter filmen

  1. Kva for nokre av desse språka og variantane av norsk kjende du frå før? Kva kjende du ikkje til?
  2. Kva legg du no i omgrepet "Språkleg mangfald"?
  3. Språkforskaren snakkar om sosiolektar. Han hevdar i filmen at du kan høyre på folk kva slags yrke dei har. Er du einig i det? Forklar og vis til døme.
  4. Er multietnolekt noko du møter i kvardagen din? Viss ja, i kva situasjonar er det?
  5. Heilt til slutt kjem språkforskaren med ein påstand: "Den dagen alle i Noreg snakkar likt, blir det for det første veldig kjedeleg. For det andre er det ein fare for at dei då også kjem til å tenkje likt." Kva trur du han meiner med det?

Lag ein film sjølv

Korleis ser språkleg mangfald ut der du bur? Samarbeid gjerne i klassen eller i grupper om å finne ut kva døme som bør vere med i ein film som heiter "Språkleg mangfald i ..."

De må vidare

  • finne dei de kan filme og lage spørsmål som dei skal svare på
  • avtale stad og tidspunkt for filming
  • sørgje for at kamera/mobil har nok straum
  • filme, redigere og setje saman til ein liten undervisningsfilm
CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 30.10.2020

Læringsressursar

Minoritetsspråk