Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Er det så farleg om ord forsvinn?

Gamle ord forsvinn, og nye ord dukkar opp. Men kva kan vi miste når ord forsvinn?

Oppgåve 1

Del 1: Kan du nokon "sjeldne" ord?

  1. Kjenner du nokon gamle ord og omgrep som svært få på din alder bruker? Test desse på medelevane dine. Forstår dei kva dei betyr?

  2. Kva kunnskap har du – som kan dette ordet/omgrepet – som dei andre manglar?

  3. Kor mange omgrep knytte til omgrepet "snø" kan klassen til saman? Samarbeid på tavla eller i eit delt dokument.

Del 2: Kva forsvinn når ord døyr ut?

Forskarar ved Samisk høgskole har kartlagt kompetansen som urfolk har om snø. Ifølgje artikkelen Reineierne bruker 300 ord for snø (nrk.no) har samane meir enn 1000 ord som beskriv rein og reindrift, og meir enn 300 ord som beskriv snøen detaljert.

Les artikkelen og svar på spørsmåla:

  1. Kvifor trur forskarane at mange av desse orda vil forsvinne?

  2. Kva konsekvensar meiner forskarane det kan få?

Del 3: Utvid ordforrådet ditt!

Klarer du å konkurrere med sørsamisk? I artikkelen Ingen språk i verden har flere begrep for snø enn sørsamisk (adressa.no) får du lista opp mange sørsamiske omgrep og kva dei betyr på norsk.

  1. Kor mange av desse omgrepa kjenner du den norske varianten av?

  2. Kva for nokre av dei samiske omgrepa hadde det vore nyttig å finne eit norsk ord for? Kom med forslag!

Del 4: Bruk det du har lært

Skriv ein kort tale der du argumenterer for eit ord du er veldig glad i, og som du synest er viktig at vi beheld i det norske språket.

Oppgåve 2

Klassediskusjon: Er det så farleg om ord forsvinn?

Les artikkelen Ord som kommer, ord som går (dagsavisen.no). Der blir det hevda at norsk språk har meir enn 30 gonger så mange ord som vi treng for å gjere oss forstått.

  1. Kva ord er de spesielt glade i? Kva ord er de ikkje så glade i? Skriv opp på tavla og diskuter kvifor akkurat desse orda er valde.

  2. Språkforskar Ruth Vatvedt Fjeld har sett opp nokre kategoriar og døme på ord som antakeleg vil forsvinne. Bruker de nokon av desse orda? I så fall kva for nokre?

  3. Kva ord bør vi behalde? Vel ut eitt eller fleire av dei "trua" orda som blir nemnde i artikkelen som de meiner bør behaldast. Grunngi kvifor. Kva kan de gjere for at orda ikkje forsvinn?

  4. Kva fordelar gir det å ha fleire ord i eit språk enn vi eigentleg treng?

  5. Til slutt: Er det så farleg om ord forsvinn?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2021

Læringsressursar

Minoritetsspråk