Hopp til innhald

Fagstoff

Samiske språk

Samisk er ikkje berre eitt språk. I alt finst det ti ulike samiske språk. Seks av desse har vore i bruk i Noreg. No er det berre tre igjen.
Kartutsnitt som viser ulike områda der samiske språk blir brukt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samiske språk i Noreg i dag

I Noreg er det i dag tre samiske språk som framleis er i bruk: nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at talet på barn som får opplæring i samisk som første språk i grunnskulen, held seg ganske stabilt i Noreg. Dei ferskaste tala frå 2020 viser ein liten oppgang både i talet på elevar som har samisk som førstespråk og dei som har det som andrespråk. Framgangen er tydelegast i nordsamisk.

I vidaregåande skule ser vi den same tendensen. I skuleåret 2020/2021 var det for første gang over 500 elevar som valde samisk, blant dei heile 325 elevar som valde samisk som andrespråk.

Nordsamisk

Nordsamisk er det største samiske språket, og omtrent 25 000 bruker språket aktivt. Det blir snakka i Finnmark, i Troms og i enkelte kommunar i Nordland fylke. Sidan ein relativt stor del av befolkninga i dette området snakkar samisk, held språket seg levande også blant unge. Utviklinga for nordsamisk språk har vore særleg positiv dei siste åra.

Lulesamisk

Kjerneområdet for lulesamisk språk er Tysfjord kommune i Nordland, men det finst lulesamisktalande også i dei andre kommunane i Nord-Salten. Tysfjord inngår i det samiske forvaltingsområdet, og derfor er lulesamisk og norsk likestilte språk i kommunen. Lulesamisk liknar mykje på nordsamisk, men skil seg frå nabospråket på enkelte grammatiske område. Omlag 600 personar bruker språket aktivt.

Sørsamisk

Det sørsamiske området strekker seg frå Saltfjellet i Nordland og sørover til Hedmark. Ein reknar med at det finst omtrent 2000 sørsamar, og omtrent halvparten av dei bur i Noreg. Men vi reknar med at under halvparten av desse igjen meistrar språket. Det sørsamiske språket er inne i ein revitaliseringsprosess. Det blir til dømes gjort eit arbeid for å tilby digitale læremiddel i sørsamisk som førstespråk i vidaregåande opplæring på NDLA.

NDLA tilbyr sørsamiske læremiddel.

Umesamisk

Umesamisk blir rekna som heilt utdøydd i Noreg, og som nesten utdøydd i Sverige.

Pitesamisk

Pitesamisk blir også rekna som heilt utdøydd i Noreg, og som nær utdøydd i Sverige. Det pitesamiske senteret Duoddara Raffe i Beiarn kommune arbeider for revitalisering av pitesamisk språk og kultur.

Skoltesamisk (austsamisk)

Skoltesamisk (austsamisk) blir i dag snakka berre av nokre få personar i Sør-Varanger kommune og i Nord-Finland.

Kampen for sørsamisk

I NRK-programmet Den stille kampen: Kampen for språket kan du sjå korleis Marja og familien hennar kjempar for at det trua språket sørsamisk skal bestå.

Tenk over mens du ser filmen:

  1. Kvifor er det så viktig for Marja at sørsamisk ikkje døyr ut?
  2. Når bruker ho norsk, og når snakkar ho sørsamisk?
  3. Korleis jobbar familien til Marja for å verne sørsamisk?
  4. Kvifor snakka besteforeldra til Marja norsk til vanleg?
  5. Enaresamisk er verkeleg eit trua samisk språk. Korleis har det blitt jobba for å redde dette språket?
  6. Kva syn på fleirspråklegheit kjem fram i dokumentaren?
  7. Kva konsekvensar fekk det at samisk blei offisielt språk i seks norske fylke?
  8. Kvifor førte samisk skilting til språkstrid i delar av Nord-Noreg?

Diskuter i grupper etter å ha sett filmen:

  1. Kan de forstå Marja sin kamp for å verne hjartespråket sitt?
  2. Kva inntrykk sit de igjen med av behandlinga samar og det samiske språket har fått i Noreg?
  3. Kva ville de ha gjort om hjartespråket dykkar var trua? Ville de ha kjempa like hardt?

Kjelder


Regjeringen. (2018). Fakta om samiske språk. Henta frå https://www.regjeringen.no/no/tema/urfolk-og-minoriteter/samepolitikk/samiske-sprak/fakta-om-samiske-sprak/id633131/

Statistisk sentralbyrå (u.å.). Samiske forhold. Henta 06. desember 2019 frå https://www.ssb.no/statbank/table/07587/tableViewLayout1/

Statistisk sentralbyrå (2012). Urbefolkningen i tall – samisk statistikk. Henta 19. januar 2024 frå https://www.ssb.no/befolkning/folketall/artikler/urbefolkningen-i-tall-samisk-statistikk

Statistisk sentralbyrå (2002). Færre bor i samiske områder. Henta 19. januar 2024 frå https://www.ssb.no/befolkning/folketall/statistikk/samiske-forhold/artikler/faerre-bor-i-samiske-omrader

CC BY-NCSkrive av Oddvar Engan, Ragna Marie Tørdal og Åsa Abusland. Rettshavar: Dialektxperten
Sist fagleg oppdatert 06.04.2020

Læringsressursar

Minoritetsspråk