Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eg – ein lesar?!

Likte du at nokon las for deg som barn? Er du glad i å lese sjølv? Når norsklæraren din set romanlesing på timeplanen, er den første reaksjonen din: "Jippi!" eller: “Å nei”? Her kjem det første korte skriveoppdraget ditt: Nokre ord om deg sjølv som lesar.
Tre personar ligg i graset ved ein innsjø og les. Det er sommer og sol. Skog i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag: Eg – ein lesar?!

Lese-erfaringane dine har mykje å seie for kor motivert du er til å kaste deg over nye tekstar. Skriv ein kort tekst på cirka 300 ord der du prøver å seie noko om kva haldningar du har til lesing.

  1. Kor godt likar du å lese, og kor mykje les du?
  2. Kva les du? Først og fremst oppdateringar på sosiale medium – eller også aviser, bloggar, biografiar og romanar? Dikt?
  3. Kva forventningar har du til leseprosjektet du skal i gong med no?

Ta vare på denne teksten. Du vil få bruk for han når du er ferdig med å lese romanen.

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2019

Læringsressursar

Å skrive romananalyse