Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bruk av forteljar og synsvinkel

Skal du som lesar få komme tett inn på ein eller fleire av personane i romanen? Eller skal du haldast litt på avstand? Kva nøyaktig skal du få vite om personane? Kven skal du få størst sympati for? Det er forfattaren som bestemmer dette, gjennom val av forteljar og synsvinkel.
Bella Swan og  Edward Cullen i ei scene frå filmen "Twilight".  Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

No skal du sjå på forteljarteknikken i den romanen du har valt. Les først i romanen din i nye 20 minutt, så kan du gå i gong.

Oppdrag 1: Fagomgrep

Når du skal beskrive bruken av forteljar og synsvinkel i romanen din, treng du igjen nokre fagomgrep. Du må vite kva vi meiner med

  • førstepersonsforteljing
  • tredjepersonsforteljing
  • personal forteljar
  • autoral forteljar
  • intern (indre) synsvinkel
  • ekstern (ytre) synsvinkel
  • skiftande synsvinkel

Skriv ned korte forklaringar på omgrepa og ta vare på det du har skrive. Viss du treng å friske opp fagomgrepa, kan du lese litt om dei:

Relatert innhald

Oppdrag 2: Forteljar og synsvinkel i romanen din

Beskriv bruken av forteljar og synsvinkel i romanen du les.

  • Blir historia fortald i første eller tredje person?
  • Er forteljaren autoral eller personal?
  • Viss forteljaren er personal: Kven av karakterane er det som fortel historia?
  • Er synsvinkelen intern, ekstern, eller skiftar han mellom intern og ekstern?
  • Kven eller kva for personar ligg synsvinkelen hos?

Oppdrag 3: Skriv om!

Vel ei sentral scene eller hending i romanen. Skriv ho på nytt, men då sett gjennom auga til ein annan enn den opphavelege forteljaren. Nokre moglegheiter:

  • Er romanen din skriven i første person, kan du byte til ei tredjepersonsforteljing – og omvendt.
  • Du kan velje å gi lesaren din tilgang til tankane til andre romankarakterar enn i originalteksten.
  • Du kan skildre karakterane konsekvent utanfrå, slik at lesaren din ikkje får vite kva dei tenkjer.

Del versjonen din med sidemannen. Forklar kva skiftet av forteljar og/eller synsvinkel gjer med opplevinga di av scena og personane.

Arkiver alt du har skrive, i mappa di.

Oppdrag 4: Les ferdig romanen!

Du skal snart få nokre fleire oppdrag som krev at du har lest heile romanen. Er du lur, plukkar du med deg nokre gode sitat undervegs i lesinga. Sitata kan du seinare bruke som døme som underbyggjer oppfatninga di av personar, miljø, konflikt, tema, skrivestil osv. Hugs å notere også sidetal! Du må alltid kunne vise til kva for side i boka du har henta sitatet frå.

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 24.05.2019

Læringsressursar

Å skrive romananalyse