Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Les – stopp – skriv!

Eitt av måla med litterær analyse er at du skal utvikle lese- og tekstkompetansen din. Her er nokre små skriveoppdrag som du kan gjere medan du les dei første sidene av den romanen du har valt å lese.
Gamalt og forlate gardstun med skifer og gras på taket. Regnvêr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag 1: Inntrykket ditt etter side éin

Les den første sida i romanen, og stopp der. Kva for inntrykk får du av språk, miljø og karakterar etter å ha lese berre den første sida av teksten? Skriv ned tankane dine og arkiver dei i mappa di. Tre til seks setningar er nok.

Når du har lese meir av teksten, kan det vere interessant å samanlikne: Blir førsteinntrykket ditt av romanen bekrefta, eller utviklar han seg i ei heilt anna retning enn du hadde forventa?

Når du har skrive ned tankane dine, held du fram med å lese i boka di. Les i minst 20 minuttar. Deretter byrjar du på oppdrag to.

Oppdrag 2: Miljøskildring

Miljøet handlinga går føre seg i, kan seie noko om både karakterar og tema i romanen. Er handlinga til dømes lagt til eit islagt og audt landskap, kan landskapet vere eit bilete på eit kjølig og distansert forhold mellom karakterane du les om.

Du skal no skrive ned kva du har lagt merke til med miljøet så langt i lesinga. Det gjer ingenting om du ikkje har komme veldig langt i romanen din.

  1. Kva slags inntrykk har du fått så langt av stad(er) og miljø?
  2. Kva for stemning blir skapt så langt i romanen?

Når du les vidare i romanen din, skal du ha desse spørsmåla om miljøskildring i mente. Noter ned stikkord og sitat som kan vere til hjelp når du seinare skal fortelje eller skrive om romanen du har lese. Hugs alltid å ta med kva for ei side i romanen eit sitat er henta frå. Då blir det lettare å bruke sitata som “bevis” i ein analyse.

Har du tid, kan du også lese meir om miljøskildring: Miljøskildring

Elles les du no i nye tjue minuttar i romanen din.

Oppdrag 3: Status for hovudkarakteren

  1. No har du kanskje lest langt nok i romanen til å danne deg eit inntrykk av hovudkarakteren? Du har i det minste klart å peike ut kven som er den mest sentrale karakteren? I så fall skal du no forsøkje å førestille deg korleis hovudkarakteren din har det akkurat på det punktet i romanen der du er no. Kva tenkjer han eller ho på? Er han eller ho deppa, lei seg, forelska, lykkeleg, eller noko midt imellom? Tenk deg at du skulle ha posta ei status-oppdatering på Facebook på vegner av denne fiktive karakteren – kva ville det stått der? Kva slags bilete eller foto ville vedkommande vald?
  2. Tenk deg at du styrer hovudkarakteren sin Instagram-profil. Kva ville denne personen lagt ut no? Lag ei instagramoppdatering, anten på din eigen profil eller på ein fiktiv konto med hovudkarakteren sitt namn og bruk #ndlanorsk #ndlalæringssti #ndlales! #lesenroman. Tagg oss på @ndla_no.
CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 23.05.2019

Læringsressursar

Å skrive romananalyse