Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tema og bodskap

Kva handlar romanen om – i tillegg til alle dei konkrete hendingane? Dette skal du undersøkje no.
Svart fabrikkpipe som sender ut tett, mørk røyk. Lyseblå himmel i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Handlinga i ein roman kan vi tolke som eit døme på noko meir allment, og dette allmenne bakanfor den konkrete forteljinga kallar vi for tema. Tema i ein roman kan til dømes vere forboden kjærleik, venskap, det å bli vaksen, spelavhengigheit, tap av ein kjær person, skilsmisse osv.

Alle tekstar er dessutan skrivne fordi forfattaren har eit behov for å formidle noko. Somme gonger har forfattaren eit klart ønskje om å påverke lesaren gjennom det han eller ho skriv, og det kan liggje ein ganske tydeleg bodskap i teksten. Andre gonger skal teksten gi rom for ulike tolkingar, og det kan vere vanskeleg å peike på nokon eintydig eller klar bodskap.

Du kan lese meir om tema, motiv og bodskap: Motiv, tema og budskap

Oppdrag 1: Tema og bodskap

No skal du skrive nokre setningar om kva du tenkjer tema eller temaa i romanen du har lese, kan vere.

  • Kva tema tek romanen opp?
  • Kan romanen formidle noko viktig til deg som ungdom i dag?
  • Har han ein klar bodskap til lesaren?

Oppdrag 2: Design nytt bokomslag

Tenk deg at du er ein grafisk designar og får i oppdrag å lage eit omslag til romanen du nettopp har lese. Korleis vil det sjå ut? Lag utkastet ditt til eit omslag som du meiner speglar det du ser som essensen i romanen. Kanskje kan omslaget bli hengt opp i klasserommet, eller på skulebiblioteket?

CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 28.05.2019

Læringsressursar

Å skrive romananalyse